19. april 1995: 168 menneske mistar livet i Oklahoma City i USA då ein lastebil full av sprengstoff eksploderer utanfor ein føderal bygning.
11. mars 2004: 191 menneske døyr då ti bomber blir sprengt på fire tog i Madrid i Spania.
7. juli 2005: 52 menneske blir drepne då fire sjølvmordsbombarar sprengjer seg i morgontrafikken i London i Storbritannia.
Tre terroråtak som til saman drap 411 menn, kvinner og barn. I alle dei tre byane som blei ramma, Oklahoma City, Madrid og London, blei det etter få år reist minnesmerke.
LES OGSÅ: – Forsoning er individuelt
Stort minnesmerke
I Oklahoma City valde dei å satse stort når minnesmerket skulle reisast:
• På ein grasplen står 168 stolar i bronse og glas, ein for kvar av dei døde. Namna er graverte inn i stolane.
• På bronseporten Gates of time er to tidspunkt gravert inn, 09.01 og 09.03; skilnaden på gryande morgon og nattsvart øydelegging – terrorbomba gjekk av 09.02 19. april 1995.
• I eit basseng som ligg framom stolane, Reflecting pool, kan folk spegle seg sjølve.
Oklahoma City National Memorial & Museum blei innvigd i 2000 og 2001 og er 13.000 kvadratemeter stort. Direktør Kari Watkins meiner storleiken og omfanget på minnesmerket har vore avgjerande for byens sorgprosess.
- Vi kunne valt å setje opp ein plansje og la det bli med det. Men no syter vi for at hendinga lever med oss kvar dag, sa ho til Vårt Land då norske styresmakter byrja arbeidet med minnestader for 22. juli-terroren.
I år det 20 år sidan eks-soldaten Timothy McVeigh parkerte lastebilen med sprengstoff utanfor den føderale bygningen. I 20 år har dei markert den 19. dagen i april. Det er viktig, seier Watkins til Dallas Morning News.
– Oklahoma City National Memorial & Museum var aldri meint å vere ein kyrkjegard eller eit gravferdsbyrå. Dersom freden skal ha ein sjanse må ein hugse røynslene og halde dei levande.
Monumenta i Oklahoma City skal «minne oss på kvar vi kjem frå og at vi må setje pris på det vi har», understrekar Watkins.
– Vi har valt å hugse.
LES OGSÅ: Etterlatte: 22. juli-senteret sårt, men fint
Kort tid
Ofra for dei to terroraksjonane som fann stad i Madrid i 2004 og i London året etter fekk også sine monument etter få år.
Tre år etter at fire morgontog inn til Madrid blei smadra av ti bomber, og 191 mista livet, blei ein glaskuppel reist på stasjonen toga skulle til, Atocha. Inne i den 11 meter høge kuppelen er det gravert inn helsingar og kondolansar som blei sendt frå heile verda til Spania i dagane etter udåden. Namna på dei 191 døde er gravert inn på ei eiga plate.
I år er det ti år sidan fire sjølvmordsbombarar drap 52 menneske i London. Fire år etter at terroren ramma den britiske hovudstaden blei det avduka eit monument i Hyde Park; 52 stålsøyler, alle 3,5 meter høge, ei for kvar av dei 52 døde. Saman med søylene blei det sett opp ei plate med namna til dei drepne.
LES OGSÅ: 10 AUFere som skal på Utøya i år
Langvarig strid
I Norge skal det reisast ei rekkje minnesmerke som skal heidre ofra for 22. juli-terroren som ramma Oslo og Utøya i Buskerud fir fire år sidan.
I dag innviar AUF minnestaden på Utøya; ein metallring med namna til 60 av dei 69 som ble drepne på øya 22. juli 2011. Ni har ikkje fått gravert inn namna på ringen fordi dei pårørande ikkje ønskjer dette.
Utover minnestaden på sjølve Utøya skal det byggjast opp to nasjonale minnestadar, eitt i regjeringskvartalet i Oslo og eitt på Sørbråten i Hole kommune, like ved Utøya.
Plasseringa og utforminga av det planlagde minnesmerket i Hole er så omstridt at staten måtte gå inn og ta over ansvaret i fjor haust. Då hadde Hole kommune avvist både utforming og plassering. Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) har eitt år på seg, for til femårsmarkeringa skal minnesmerke stå ferdig.
– Det sit folk i heile landet som har behov for ein sted der ein kan sørgje, sakne og samlast om dei verdiane som blei angripne og sett på prøve den dagen, sa Sanner til NTB i fjor haust.
Dårlegare livskvalitet
I april leverte Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) ein rapport som konkluderte med at det planlagde minnesmerket kan både vere konfliktskapande og gje dårlegare livskvalitet for dei som bur i området. Naboane til minnesmerket har samla inn pengar til rettssak, for dei vil saksøkje staten om statsråd Sanner og regjeringa held fast ved planane på Sørbråten.
Direktør Kari Watkins har ut frå arbeidet ved Oklahoma City National Memorial & Museum nokre råd til dei som skal reise minnesmerke:
- Det må vere samlande og samstundes fortelje historia om det som skjedde. Og lokalsamfunnet bør bestemme kva ein skal setje opp.
Lære nye generasjonar
Ut over minnesmerka i Oslo og Hole skal det opnast ein mellombels minnestad i Oslo 22. juli 2016, som skal bli erstatta av ein permanent minnestad når det nye regjeringskvartalet står klart. Kvar minnesmerket i Oslo skal reisast er ikkje avgjort.
I dag blir det opna eit informasjonssenter om terrorangrepa i Oslo i regjeringskvartalet. I tillegg til minnesmerka vil regjeringa opprette eit 22. juli-senter for forsking på høgreekstremisme. Watkins i Oklahoma City er svært oppteken av kunnskapstanken. Difor meiner ho det er viktig for Norge å lære komande generasjonar om 22. juli.