Nyheter

Har syttendobla gebyr

65.000 innvandrarar har kome til Norge siste fem år på familiegjenforening. Alle som søkjer slik samling må betale eit gebyr. På 17 år er det meir enn syttendobla.

– Våre klientar fortel oss at nett komne flyktningar må ty til svart arbeid eller dyre forbrukslån for å betale gebyret innan fristen på seks månader. Gebyret hemmar av den grunn integreringa, ­seier Jakob Røen Mohus i Jussbuss. Den juridiske hjelpetenesta yter gratis rettshjelp.

Flyktningar som får opphald i Norge kan hente nær familie til landet. Men det kostar å ­fremme ein søknad om å få ektefelle hit: 10.500 kroner. Til samanlikning krev vårt naboland Sverige inn eit langt lågare gebyr når dei handsamar same type søknad: 1.500 svenske kroner for vaksne og 750 svenske kroner for barn.

FNs høgkommissær for ­flyktningar (UNHCR) kritiserer Norge for å operere med verdas høgaste gebyrsats, fortalde Vårt Land sist veke.

Åtvara

Erna Solberg innførte gebyret i 2002 som kommunalminister i Bondevik II.­ Bondevik-
regjeringa sette summen til 600 kroner per søknad. Grunn­gjevinga var «å redusere omfanget av mangelfulle og åpenbart grunnløse søknader».

Kritikarane av gebyret var mange, mellom dei Den norske kyrkja. I høyringssvaret skreiv biskop Gunnar Stålsett i Oslo at han «stiller seg spørrende til at et rikt land som Norge har ­behov for å sette økonomiske betingelser som krav til mennesker som vil søke om en rettighet ­etter ­utlendingsloven». Stålsett sa ­vidare at «Ordningen vil ramme de fattige mest, og dermed bidra til ytterligere å skape skille mellom rike og fattige når det gjelder «tilgang på like muligheter».

LES OGSÅ: FNs høykommissær for flyktninger dømmer feller har dom over Norge

Hinder

17 år seinare seier Jussbuss det same:

– Dagens gebyrstorleik er langt større enn kva som må til for å sleppe grunnlause ­søknader, og det representerer ein monaleg ekstrakostnad for søkjarane. Gebyret representerer ei løynt hindring for retten til familieinnvandring, seier Jakob Røen Mohus.

Opp, opp

Bondevik II auka ­gebyrsatsen monaleg fram til 2005. I dei åtte raudgrøne åra frå 2005 til 2013 låg gebyret ­heller stabilt; det gjekk opp frå 3.205 til 4.123 kroner.

I 2013 fekk landet ei ny 
borgarleg regjering, som har skrudd opp nivået år for år. ­Siste justering var i fjor. Då ­sette Solberg-­regjeringa opp 
gebyret med 2.500 kroner, frå 8.000 til 10.500 kroner. ­Dåverande statssekretær i 
Justisdepartementet, Torkil 
Åmland, sa til NRK at ­«gebyret har vært på 8.000 kroner og det virker ikke som om det har skremt folk fra å søke».

Lovnad

Men der er vilje til å redusere gebyret – utan at det blir sagt når ein skal byrje å kutte det. For kvar gong Erna Solberg har utvida regjeringa, har det nye partiet fått eit punkt om gebyret i den politiske plattforma.

Venstre fekk fjor inn denne lovnaden i Jeløya-plattforma: «Redusere gebyr ved familiegjenforening for personer med flyktningstatus.»

KrF – og Venstre – fekk i år inn denne lovnaden i Grana­vollen-plattforma: «Redusere gebyr 
ved familiegjenforening for ­personer med flyktning­status.» Frp fekk på si side inn dette punktet: ­«Videreføre hoved­regel om at retten til familie­gjenforening gjelder nære 
slektninger som ektefelle og barn.»

LES OGSÅ: Ikke på over 20 år har det kommet færre asylsøkere til Norge

Innvandring

Familiegjenforening representerer ei stor, årleg innvandring til Norge. Tal Vårt Land har henta frå Utlendingsdirektoratet fortel at i ­perioden 2014–2018 kom det 64.622 ­personar til Norge som følgje av familiegjenforening.

I denne gruppa finn me både familie til flyktningar som har fått vern i Norge, familie til ­arbeidsinnvandrarar som ikkje er frå EØS-land og familie til særleg kvinner som norske menn giftar seg med.

Gruppa ektefelle er størst med 32.482 menn og kvinner. Dernest kom det 24.266 barn. Resten er foreldre eller andre nære slektningar.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter