Nyheter

Halve folket gjev til fattige

Ein av to hushaldningar gjev pengar til organisasjonar som driv med bistand.

Solberg-regjeringa skal bruke rekordmykje på bistand neste år, fortalde Venstre-leiar Trine Skei Grande i ein budsjettlekkasje sist veke: 37,8 milliardar kroner.

Men i tillegg til at Stortinget velsignar forslaget om å gje 1 prosent av forventa BNI - bruttonasjonalinntekt, blar nordmenn opp store, private gåver til bistandsarbeid.

Senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor har kartlagt utviklinga i den frivillige innsatsen i Norge siste 20 år, frå 1998 til 2017. Når det kjem til innsats for verdas fattigaste og dei som er råka av krig, konflikt og andre dramatiske samfunnsendringar, fortel rapporten at:

• For 20 år sidan gav ein av fire husstandar pengar til internasjonale organisasjonar og bistandsorganisasjonar.

• I fjor var talet dobla til ein av to husstandar.

• Omrekna til 2017-verdi gav husstandane i snitt 1.305 kroner kvar i 1998. I fjor enda dette snittalet på 1.802 kroner.

– Veldig positive tal, dette viser at det er eit sterkt ønskje blant nordmenn om å få vere med å betyr noko; vi lever i verdas rikaste land, seier generalsekretær Hjalmar Bø i Digni, ein bistandsparaplyorganisasjon for 20 kristne organisasjonar.

LES MEIR: Frivillige mindre lojale

Moralsk plikt

Men når forskarane bak kartlegginga skal forklare den store gjevarviljen, er dei raske med å fortelje at det ikkje handlar om at nordmenn er blitt rausare. Den disponible inntekta har auka i 20-årsperioden, dermed har nordmenn flest betre råd enn tidlegare.

– Sjølvsagt kunne mange gjeve meir, kommenterer Bø.

Likevel opplever mange nordmenn at dei har ei moralsk plikt til å gje, seier rapporten: «Andelen som i spørreundersøkelser oppgir at de føler en moralsk plikt til å hjelpe frivillige organisasjoner med penger fordi de har råd til det, gikk opp fra 49 til 59 prosent fra 1998 til 2014. Dette tyder på at mange føler at det er forventet av dem å gi pengegaver, slik det lenge har vært med frivillig arbeid for organisasjoner man har en tilknytning til».

Får skattefrådrag

Ordninga med skattefrådrag på pengegåver til godkjende organisasjonar påverkar også nordmenn til å opne lommeboka, fortel frivilligrapporten frå Senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor: «(...) særlig når man registrerer seg som fast giver og får automatisk skattefradrag år etter år.»

Forskarane seier ordninga ikkje blir brukt fullt ut: «Selv om maksimalbeløpet som kan trekkes fra, har økt kraftig fra 12.000 kroner i 2013 til 25.000 i 2016, har det bare vært en svak økning i gjennomsnittsbeløpet som trekkes fra på skatten, fra 3.700 til 4.500 i 2016.»

Dette tyder at dei fleste ikkje gjev økonomiske gåver som kjem i nærleiken maksimalsummen for frådrag.

Tidsbruk

Om nordmenn viser vilje til å støtte bistands- og andre internasjonale organiasjonar med pengar, er viljen til å yte frivillig arbeid til dei same organisasjonane veik. Frivilligkartlegginga avdekkjer at berre fire prosent av norske kvinner og menn gjorde slikt arbeid i fjor.

LES MEIR: Nedgang for kristen frivillighet

Mindre til misjon

Rapporten fortel at framleis er det trus- og livssynsorganisasjonar som får dei høgaste gåvesummane med 4.324 kroner i løpet av siste 12 månadar. Men ei anna utviklinga slår hardare inn her; Gjevarane vert færre.

I 1998 opplyste 17 prosent av norske husstandar at dei gav til trus- og livssynsorganisasjonar. 20 år seinare har talet gått ned til 14 prosent.

– Vi ser at dei eldste gjevarane til desse organisasjonane fell frå, fortel Bø, og viser til ein analyse hans førre arbeidsgjevar, Misjonssambandet, gjorde. Denne synte at medan yngre gjevarar viste vilje til å gje meir, strevar organisasjonen med å nå 50-60-åringane, dei som sit best økonomisk i det.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter