Nyheter

Guds plass i byen

I sentrum står kyrkja. Knut Schmidts forfedre bygde byen Christiansfeld etter kristne prinsipp. Handverkaren pussar han opp for å bevare den levande idealbyen. I Norge skal moderne bybyggjarar finne plass til kyrkjer som signalbygg.

Knut Schmidt okkar seg ned trappa, trepallar stabla oppå kvarandre. Han har vondt i venstre side av overkroppen. Armen kan han ikkje bruke. Schmidt glei på den ustøe trappa og fall hardt.

– Snart skal vi setje opp ei skikkeleg trapp, ei trapp som står i stil til huset.

Murhuset Knut Schmidt og arbeidslaget renoverer, er byens eldste. Snart skal det på nytt fyllast med liv. Ein familie står klar med flyttelasset. Dei ivrar etter å flytte til byen som er reist av kristne handverkarar med ein bibelsk byplan.

Naboen rett over torget er ei av Danmarks største kyrkjer. Ho er sentrum i byen som ikkje har sin like i Norden. Men i Amerika og Europa finn du 23 herrnhutbyar. Alle bygde av Brødrekyrkjelyden.

– Sjå her, her ser du skikkeleg handverk, ikkje slikt skrap som byggjevarebutikkane prakkar på deg i dag.

Knut Schmidt tappar ein svart finger på dørlåsen.

– Ser du kva år han er laga?

Fire tal prega inn i stålet avslører året. 1773. Året Christiansfeld blei grunnlagt. Ein flokk av dugande bygningsmenn kom til landskapet sør i Danmark frå byen Herrnhut. Ein av dei var Schmidts familie.

Kyrkje i ny by

234 år seinare står ein kyrkjesjef på Fornebu, lenge Norges hovud­flyplass. Flya flaug sin veg i 1998. No skal det byggjast by. Fornebu skal bli den største byen i Akershus. Godt over 20.000 skal setje bu her.

Akkurat som i Christansfeld i Danmark skal eitt bygg i Fornebubyen vere med på å styrkje og markere det sentrale samlingspunktet for innbyggjarane. Kyrkjeverge Svein Erik Tøndel Andersen i Bærum er pådrivar for det han vonar blir eit av dei staselegaste bygga i den nye byen. Kyrkja.

– Her, seier Andersen, og kjempar med jakka i blesten, her har vi fått tomt. Førebels i alle fall.

Den norske kyrkja innvier ikkje mange nye kyrkjer årleg. Det siste bygget er nyleg vigsla i Koparvik. Gamlekyrkja brann ned i 2007. Mange av dei nyaste kyrkjene i Norge er reist som følgje av brannar.

Søkte Herrens vern

Det byrja med eit bål i 1415.

Midt i bålet stod den sentraleuropeiske reformatoren Johann Huss. Den katolske kyrkja meinte Huss var ein kjettar, så han blei bannlyst i , dømt av konsilet, og brent på bålet den 6. juli 1415.

I 1457 samla etterfølgjarane til Huss, husittane, seg i eit eige kyrkjesamfunn i Böhmen, Brødrekyrkjelyden, og vaks til rundt 200.000 kyrkjelemar. Husittar tok seg til Sachsen, og i 1722 etablerte dei kolonien Herrnhut på godset til ein venleg greve. Namnet Herrnhut tyder «Herrens vern».

Bygde by raskt

I 1733 kom herrnhutarane til Danmark, freista til landet av kong Christian Vlls livlege, den mektige Struense. Legen var svært interessert i handel, handverk og industri. Herrnhutterne var dyktige i dette.

– Eg, fortel Knut Schmidt, er kakkelovmsbyggjar, i sjette generasjon, og rettar fram to hender herda av handverket.

Kongen let herrnhutarar slå seg ned sør på Jylland. Her bygde dei ein ny kyrkjelydsby. Namnet heidra kongen: Christiansfeld.

1. april 1733 blei grunnsteinen til dei første fire husa lagt ned. Første hus var kyrkja, andre var prestebustaden, tredje­ var forstandarbustaden og fjerde var gjestgjevargarden for kyrkjelydens vener.

Hus to, tre og fire stod klare allereie i august­ 1773, kyrkja blei innvigd i ­november. Heile Christiansfeld var så og seie ferdig bygd då 1800 opprann på kalenderen. Akkurat som i dei andre brødrebyane, reiste herrnhutarane dei særmerkte korhusa, Brødrehuset, Søsterhuset og Enkehuset.

Kyrkja i Christiansfeld i Danmark blei reist i 1773. Herrnhut-kyrkjene er like verda over.

Kross midt i byen

– Her ser du byutforminga godt; kyrkjeplassen, kyrkja på eine sida og Brødrehuset og Søsterhuset på kvar si side.

Jørgen Bøytler har vist veg opp på loftet, inn i kyrkjetårnet, og opp to trapper. Presten i Brødrekyrkjelyden i Christiansfeld er stolt over utsynet frå tårnet. To kryssande gangvegar dannar symbolet som er midtpunktet i byen.

Krossen.

– Lat oss gå inn, seier Bøytler og dyttar opp døra til kyrkja.­ Det er ikkje lenge sidan ho var fylt til randa av feststemte menneske. Dei feira at den store kyrkje­oppussinga var sluttført. Kyrkjelyden eig framleis bygga i bykjernen.

Bøytler er utdanna både snikkar og teolog, så han kan det å byggje. Både kyrkje og kyrkjelyd.

På same nivå

Bybyggjarane gjorde eit særs medvite val for 234 år sidan. Golvet i kyrkja ligg på same nivå som kyrkjeplassen utanfor. For å symbolisere at livet i kyrkja skal vere likestilt med det jordiske livet utanfor.

– For Brødrekyrkjelyden er heile livet ei gudsteneste, både i kyrkja på sundagen og i kvardagslivet, forklarar Bøytler.

Kyrkja skal ikkje heve seg over det alminnelege jordiske livet. Difor er ho spartansk møblert. Utsmykkingar skal ikkje forstyrre forkynninga av Guds ord.

– Livet er ei gudsteneste. Samstundes er gudstenesta ein del av livet, utdjupar presten.

Bibelsk byidé

Fram til utpå 1800-talet blei livet i Christiansfeld organisert i korhus. Kvart av dei store husa hadde kyrkje, matsal og sovesal. Idealet var henta frå Det nye testamentet. Kristendommen bør levast i fellesskapet. Ved å la ugifte menn bu for seg, ugifte kvinner for seg og enker for seg etterlevde kyrkjelyden den bibelske ideen om fellesskapet mellom brør og søstrer.

Den demokratisk organiseringa i Brødrekyrkjelyden, med ein filosofi tufta på likeverd, er synleg i Christiansfelds kristne byplan. Opne plan opnar for utsyn til landskapet rundt byen og inkluderer dei viktige bygningane for felles liv og velferd.

Katolsk motreformist

Bålet i 1415 fødde ei protestantisk kyrkje, som bygde kristne idealbyar.

Eit nytt bål, denne gongen eit verkeleg stort eit, gav også Norge ein by med ein bibelsk byplan. Men med eit sterkt katolsk preg

I 1681 brann nemleg Trondheim ned. Men allereie etter fire månader hadde kong Christian V utsendte byplanleggjar teikna opp ein heilt ny by ved breidda av Nidelva. Generalmajor Johan Caspar de Cicignon var katolikk. Han hadde studert Romas byplan.

Trondheim reiste seg frå oska. Bygd opp etter ein plan som «i stor grad bygger på den katolske Cicignons ideer», skriv kulturminnevernrådgjevar Eystein M. Andersen i Fortidsminneforeningens Årbok 2015.

Cicignon teikna fem hovudgater nord-sør og fem aust-vest innafor eit rutenett. Talet fem er eit symbol på Mosebøkene, dei fem første bøkene i både Den ­jødiske bibel og dei kristnes gamle testamente.

Dei tre største gatene er 12 ruter – ei gamal måleeining – breie. Tre står for den treeinige Gud. Talet 12 står for Jesu apostlar, og er grunntalet i det himmelske Jerusalem.

Cicignons hovudgater i Trondheim, Munkegaten og Kongens gate møtest i ein kross, og krossen ligg midt i eit kvadratisk torg. Kvadratet er den geometriske definisjonen av Gud og paradis; av det himmelske Jerusalem og Salomos tempel.

«Cicignon ser ut til å ha henta­ idégrunnlaget for planen fra samtidig internasjonal byplanteori med integerte kristne forståelser», skriv Andersen.

Her er byplanen for nye Trondheim som generalmajor Johan­ Caspar de Cicignon (t.v.) teikna i 1681. Byen brann ned i april. Cicignons ­byplan var klar i august. Generalen var katolikk og tufta byplanen på ­katolsk byplanlegging.

Viktig identitetsmarkør

Høgres kommunalminister, lutheranaren Jan Tore Sanner, syslar også med byplanar, 500 år etter reformasjonen.

– Vi treng både berekraftige byar og sterke distrikt for å trygge velferda i framtida, sa Sanner då han i februar la fram ei stortingsmelding om nettopp berekraftige byar og sterke distrikt.

Sanner opererer ikkje med bibelske prinsipp for bybygging i det tredje årtusen. Difor fann KA Arbeidsgiverorganisasjon for kirkelige virksomheter det naudsynt å minne Sanner om at kyrkjer er viktig når berekraftige byar – og sterke distrikt – skal utviklast:

«Det er få som har sin identitet knyttet til kjøpesenteret eller treningsstudioet som de i hverdagen frekventerer langt oftere. Det er derfor vesentlig å forholde seg til «fastpunktene» når stedet skal utvikles og vokse videre», skriv KA-direktør Frank Grimstad i eit brev til Sanners Kommunaldepartement.

Grimstad, som organiserer dei kyrkjelege fellesråda, som eig kyrkjene, minnar Sanner om at «i moderne samfunn bør «kultstedene» være viktige, ikke bare for de troende, men også for stedsformingen».

Så er KA framme ved sjølve poenget. Grimstad dunkar det inn:

«De norske kirkebyggene er en viktig ressurs i utviklingen av bærekraftige byer og sterke distrikter (...)Her kan menneskers livsfaseritualer finne sted, det hellige rommet innbyr til etter­tanke og refleksjon, i glede og sorg, kirkebyggene er også viktige som lokale kulturhus og kulturarenaer».

Europeiske kulturkrins

Svein Erik Tøndel Andersen kunne ikkje vore meir samd.

Han står på tomta Bærum kommune har peika ut. I ryggen har han Fornebu S, ein børs for dei fastbuande, eit kjøpesenter. Like ved er det sett av plass til den nye kyrkja.

Andersen er nøgd med kyrkjetomta han har fått. Han meiner det er viktig for kyrkja å vere der folk ferdast.

– Som kyrkje ønskjer vi å vere til stades i det sentrale offentlege rommet, slik kyrkjene tradisjonelt er plassert i byromma i heile vår europeiske kulturkrins.

Andersen slår rundt seg på den opne tomta ved Fornebu Senter – og slår fast at eigedommen er godt eigna til kyrkje, og andre kulturaktivitetar. For kyrkjevergen ønskjer å reise kyrkja nær andre kulturbygg.

– Dersom planarbeidet konkluderer med at kulturhus og ­bibliotek bør flyttast til ein ­annan stad i den sentrale delen av den nye byen, er vi opne for å flytte etter.

Korleis det nye kultbygget i Fornebubyen blir sjåande ut, veit ikkje kyrkjevergen i dag. Men han veit at han treng ei kyrkje med plass til 400-500 menneske på ei sundagsmesse – og opp mot 1.000 på dei store kyrkjefestdagane.

Vegen fram dit tek nokre år. Medan Cicignon brukte fire ­månader på å teikne nye Trondheim og kongen i København brukte 14 dagar på å godkjenne han, tek planarbeidet i Bærum kommune litt lenger tid.

Svein Erik Tøndel Andersen er kyrkjeverge i Bærum. Han er pådrivar for den nye kyrkja som skal byggjast i den nye byen som blir bygd i Akershus, Fornebu. Her står han på kyrkjetomta. Næraste kyrkjenabo blir eit kjøpesenter.

Ventar på bybane

– Ferdig kyrkje på Fornebu? Rundt 2027, 2028, trur eg, seier plansjef Jannike Hovland.

På Rådhuset i Bærum kommune smiler Hovland når ho legg fram kartskissene over byen som er under planlegging:

– Vi har ikkje bibelske dimensjonar i vårt arbeid, seier ho og plukkar fram to kommunale dokument som seier kva plass den nye kyrkja skal få i Fornebubyen:

«Bygninger og anlegg av spesiell betydning for offentligheten eller i fellesskapet kan utformes som godt synlige landemerker», seier kommunedelplanen for Fornebu.

«Det skal legges vekt på at kirken fremstår som et synlig landemerke på Fornebu. Samtidig er det aktuelt å gi kirken flerbruksfunksjoner og plassere den et sted der aktivitetsnivået er høyt og hvor mange mennesker ferdes til daglig», seier utviklingsplanen for Fornebu.

– Kyrkja skal få ei prominent plassering. Kanskje blir det på tomta som er tildelt. Kanskje blir det ein annan stad. Men det blir ved eit av knutepunkta, seier plansjef Hovland.

Knutepunkt, forklarar overarkitekt Nina Viksjø og hentar fram eit digitalt kart, det er dei tre planlagde stasjonane på Forne­bubanen.

– Men han er ikkje bygd enno, berre lova av fleire regjeringar, seinast av Solberg-regjeringa med borgarlege vener?

Viksjø og Hovland humrar – og forklarar at dei planlegg Forne­bubyen med bybane. Punktum.

Nina Viksjø (t.h.) og Kjersti Lindheim på planavdelinga i Bærum kommune­ arbeider med planlegginga av Fornebu,­ som skal bli ein ny by i Akershus.

Kjærleg arbeid

Førebels er nykyrkja berre nokre punkt i kommunale planar og ei tomt på digitale kart. Innan ho blir reist, skal det utlysast ein konkurranse. Slike kyrkjekonkurransar er omtykte blant arkitektar.

– Mange arkitektar legg ned mykje kjærleik i arbeidet med nye kyrkjer, fortel Hovland, og kjem med ein lovnad:

– Vi skal byggje framtidas ­signalbygg på Fornebu.

Folk valfartar

Sør på Jylland tenkjer dei mest på oppussing. Idealbyen var sliten etter dagleg bruk. Fordi Christansfeld ikkje har sin make i korkje Danmark eller Norden, valde Kolding kommune å finne fram ekstra millionar. Men dei største opppussingsrekningane er betalte av to danske kulturfond, filantropiske Realdania og statlege Kulturstyrelsen.

Totalt er Christiansfeld reno­vert for nesten 340 millionar kroner. Oppussinga har ført herrn­hutbyen inn på verdas gjevaste liste, UNESCOS liste over verdsarv.

Jørgen Bøylter forklarar kva det betyr:

– Før kom det rundt 8.000 ­turistar årleg til Christiansfeld. No passerer vi snart 50.000.

Den kristne byen er blitt eit reisemål.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter