Nyheter

Glade for ‘bispepresten‘ sin

Nyvigsla biskop Kari Veiteberg har ei ærefrykt for menneskeverdet, meiner medlemmar frå kyrkjelyden i Tøyen kirke.

I ei fullsett domkyrkje vart Kari Veiteberg søndag viglsa til biskop i Oslo. 56-åringen frå Stord trer inn i rekka som den sekstiande biskopen i hovudstaden – og den første som er kvinne.

– Personleg er vi sjølvsagt veldig stolte. Men også fordi vi no er ved eit kyrkjehistorisk vendepunkt, tenkjer eg det valet her er veldig viktig. Slik vi kjenner Kari, tenkjer eg ho står for ein teologi som handlar om å gjere kyrkja relevant for menneske, seier Inez Elisabeth Engh.

Ho har saman med Margrete Spildrejordet og Anneli Aalerud gått i kyrkjelyden i Tøyen kirke i snart 17 år. Der har Kari Veiteberg vore prest. Dei er litt vemodige, men mest stolte og glade når Vårt Land snakkar med dei i minusgradane utanfor Oslo domkirke etter vigslingsgudstenesta i går.

– Både tankegangen og personlegdomen hennar er raus og varm. Ho er veldig inkluderande, og ho har ei evne til å sjå og stadfeste alle, seier Anneli Aalerud.

LES OGSÅ: Kari Veiteberg vigslet til biskop i Oslo

Skarp

– Ho er maktkritisk, og kompromisslaus når det er naudsynt, seier Inez Elisabeth Engh.

At ho er skarp, botnar i at ho er audmjuk, meiner Aalerud. Det er Veitebergs ærefrykt for menneskeverdet som gjer henne skarp.

Den nye biskopen vart vigsla av Bispemøtets preses, Helga Haugland Byfuglien. «Du bærer med deg sterke erfaringer fra dine år som vandrende gateprest både i Bergen og Oslo. Det vil være en rikdom å ta med seg i din nye tjeneste. Jesus sin evne til å gi rom for ulikhet er en form for raushet kirken trenger», sa ho i talen sin.

Det var med korsong frå fire kor, kong Harald til stades og med T-banen brusande under føtene, at kyrkjelyden i Oslo domkirke feira sin nye biskop.

LES OGSÅ: 'Kyrkja må prøve på det nesten umoglege'

Skarp og audmjuk

I preika, over Lukasevangeliet, gjekk Veiteberg rett på sak. Ho snakka om terrorangrepet i Alabama, om #metoo, om vald motivert av rasisme, sjåvinisme og homofobi, om patriarkatet, og om at den kristne forkynninga også kan bidra til hat og vald. Det vart tørka nokre tårer i kyrkjebenkane, men Veiteberg fekk også kyrkjelyden til å le då ho nemnde at hennar fyrste ord som biskop var «ormeyngel». (Leis heile preika på side 10).

Preika var typisk for Kari Veiteberg, meiner kvinnene frå Tøyen-kyrkja.

– Ho er ikkje redd for å seie kva ho står for, ta utradisjonelle val, og vere seg sjølv. Ho er utruleg god til å vere seg sjølv, seier Margrete Spildrejordet.

LES OGSÅ: Veiteberg kan bli starten på en ny ledertype

#metoo

Det var ikkje tilfeldig at ho kom innom #metoo-kampanjen i preika si. Ho har hatt mange samtalar og sjelesorg med kvinner som har blitt seksuelt trakasserte og som har opplevd overgrep.

Det er viktig å lytte til profetiske stemmer, sa Veiteberg og trekte fram to kvinnelege prestar: Nokuthula Dhladhla, prest i Soweto, Sør-Afrika, og Jean Zaru, prest for kvekarane i Ramallah, i dei palestinske sjølvstyreområda. Zaru har dedisert livet sitt til dialog og ikkje-valdeleg sosial endring i heimtraktene til døyparen Johannes. Dhladhla var den einaste presten i Soweto som var villig til å gravlegge ei svart kvinne som var blitt valdteken og drepen fordi ho var lesbisk.

– Det er profetar overalt, og vi må byrje å namngi dei, seier Veiteberg til Vårt Land, og fortel at ho nettopp har vore i kontakt med desse på telefon.

– Er det eit poeng i at du trekkjer fram kvinner?

– Det er viktig å ikkje kjønne profetrolla, heller ikkje hyrderolla. Vi har jo ein hyrde i Bibelen som heiter Rakel, sa den nye biskopen på kyrkjetrappa.

LES OGSÅ: Ny biskop drømmer om å være like mye ute

Julefeiring

Veitberg prøvde å svare på spørsmål frå media mens ho helsa på kyrkjelyden og fekk klemmar frå søstera Anne Veiteberg, tantebarn og svoger Sturla Stålsett, som også var ein av kandidatane til å bli biskop i Oslo.

– Det går rykte om at du ikkje feirar jul heime. Kvar skal du feire i år?

– Eg pleier å feire jul saman med andre. Eg blir nok å finne nedi her, i Domkirkens krypt. Der skal eg feire med Guds kyrkjelyd, som er mykje større, djupare og vidare enn det ein har fantasi om, seier Kari Veiteberg utan å avsløre kven ho skal vera saman med på julekvelden.

Les mer om mer disse temaene:

Kjell Kvamme

Kjell Kvamme

Kjell Kvamme er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter