Nyheter

Gir ikkje amnesti

Fleire organisasjonar tek til orde for at papirlause bør få opphald etter å ha vore i Noreg i fem år. – Uaktuelt, svarar Justisdepartementet.

Bilde 1 av 3

Adventsoppropet, som Norsk ­folkehjelp og Kirkens bymisjon står bak, vart overlevert til stortingspresidenten 30. november.

Organisasjonane krev at papirlause får opphald etter fem år i Noreg, dersom dei oppfyller to krav: dei kan gi noko informasjon om eigen identitet, og dei har ikkje gjort alvorlege kriminelle handlingar etter at dei kom til landet.

Dette blir kjapt avvist av statssekretær i Justisdepartementet, Jøran Kallmyr.

– Det er heilt uaktuelt. Vi kan ikkje løne personar med opphald berre fordi dei har vore i landet lenge nok, seier han til Vårt Land.

LES HOVUDSAKA: Får ikkje bli i Noreg – får ikkje kome heim

Parallellsamfunn

Venstre-leiar Trine Skei Grande er svært opptatt av situasjonen til dei papirlause. Ho vil ikkje stille seg bak krava i oppropet, men vil at kvar skal vurderast individuelt. Men arbeidsløyve er ho for.

– Dei største partia på Stortinget ser ikkje det parallellsamfunnet som veks fram når lenge­verande papirlause ikkje har arbeidsløyve, meiner ho.

– Det folk ikkje tenkjer over, er at det er dei papirlause som vaskar på kjøkkenet på restauranten dei går på, det er dei som gjer at kontoret ditt er reint på jobb. Samtidig står dei utan rettar, seier Grande.

Kallmyr ser annleis på saka:

– Dette er personar som i utgangspunktet ikkje skal vere i Noreg. Dei skal ikkje bli løna gjennom å få tilgang til arbeidsmarknaden. Det vil føre til at mange fleire kjem, hevdar han.

– Kva byggjer du den påstanden på?

– Einkvar frivillig organisasjon veit at tilgong til arbeid tyder mykje for kor mange som kjem. Noreg har vore konsekvente på dette området, seier Kallmyr.

– Pliktar å reise

Kallmyr er klar over at somme land ikkje ynskjer å ta imot eigne innbyggjarar. Eritrea tek til dømes ikkje imot personar som blir tvangsreturnert til landet. Men det er mogleg å reise dit frivillig, hevdar Kallmyr.

– Lengeverande papirlause har vore gjennom ein asylprosess. Om dei har fått avslag på opphaldsløyve i Noreg, pliktar dei å forlate landet, seier han.


– Noreg er blant dei få landa i Europa som aldri ordnar opp

Trine Skei Grande, leiar i Venstre


– Fleire av dei vi har snakka med har prøvd å reise tilbake til heimlandet fleire gongar, men det er ikkje mogleg.

–Eg har ikkje høyrt om slike situasjonar før. Eg skal ikkje utelukke at det kan vere tilfelle, men eg vil undersøke det nærare før eg kommenterer meir, seier statssekretæren.

– Noreg ordnar aldri opp

I oppropet viser organisasjonane til andre europeiske land, som har gitt amnesti til eller på andre måtar betra situasjonen til lengeverande papirlause.

Dette legg også Trine Skei Grande vekt på.

– Noreg er blant dei få landa i Europa som aldri ordnar opp. Til og med leiarar som Berlusconi har gjort ein innsats for denne gruppa, men ikkje vi, seier ho.

Prinsippfaste

Ifølgje Grande er dei papirlause ei gruppe det er umogleg å kjempe for.

– Det er alltid Venstre, KrF og SV som vil gjere noko, men vi har ikkje høve til å få fleirtal, seier ho.

Følg Vårt Land på Facebook og Twitter!

Venstre-leiaren meiner det er god grunn til å ordne opp i dette no, trass i dagens flyktningsituasjon. Kallmyr meiner derimot at regjeringa no må vere prinsippfast som aldri før.

– Det er viktigare enn nokon gong at dei som ikkje skal ha opphald, ikkje blir verande i landet, seier han.

– Kan ein dermed seie at opprop som adventsoppropet er til ingen nytte?

– Ja, iallfall overfor Justis­departementet. Regjeringa er tindrande klar på at vi ikkje kjem til å gi amnesti til dei som er her ulovleg.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter