Nyheter

Går ut mot Tvedt-hyllest

Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) går hardt ut mot Vebjørn Selbekks omtale av Terje Tvedts nye bok. Sjølv meiner Selbekk at fleire bør få augene opp for Tvedts teoriar.

Boka Det internasjonale gjennombruddet har skapt mykje debatt sidan den kom ut i november i fjor. Historikar og forfattar Terje Tvedt skriv om utviklinga frå då Noreg vart ein bistandsnasjon og fram til dagens multikulturelle samfunn. Han er særleg oppteken av islams påverknad på det norske samfunnet.

Boka har fått variert mottaking frå bokmeldarar.

Stiller spørsmål

I ein leiarartikkel 6. januar, kallar Vebjørn Selbekk boka «smått sensasjonell». I eit lesarinnlegg i Dagen onsdag går leiinga i Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) hardt ut mot Selbekks hyllest:

«I lederartikkelen kaller han det for en tragedie at Den norske kirke har vært «en aktiv pådriver for å skape en situasjon der kors må tas ned og kristne gudshus etter hvert blir bønnehus for Allah». Men er dette virkelig realiteten? Og hva betyr det helt konkret», skriver de.

Dei kallar boka einsidig og ubalansert, og peikar på at Tvedt har fått kritikk for lettvint sitatpraksis.

LES MELDING AV TVEDTS BOK «NORSKE TENKEMÅTER»: Hjelper oss å forstå oss selv, men aller mest seg selv

Omstridd teori

Ein av Tvedts hovudteoriar er at kyrkja har ynska at islam skulle få auka påverknad i samfunnet, slik at kyrkjas leiarar kunne nyte godt av at religion igjen var på dagsorden.

– Det er ein interessant teori som ikkje har vore debattert før, seier Selbekk til Vårt Land.

– Er du einig?

– Den har mykje føre seg. Tvedts analyse og dokumentasjon er overtydande, meiner han.

Åsland og Bø kallar teorien spekulativ:

«Vår vurdering er at kristne har støttet muslimsk innvandring først og fremst fordi mennesker på flukt bør tas imot med kristen nestekjærlighet uavhengig av religiøs tro».

– Kva tenker du om det?

– Det er klart teorien er omstridd. Mange har interesse av at det ikkje er sånn som Tvedt seier. Men det er viktig at vi snakkar saman om desse tinga, seier Selbekk.

Vidare skriv Åsland og Bø:

«Uansett har islam vokst i Norge fordi muslimer har fått lov å komme til landet. For å hindre muslimsk vekst måtte den norske stat avvist muslimsk flyktninger og innvandrere. Er det dette Selbekk mener kirken burde tatt til orde for?».

Ikkje tynnslite

Dette er ikkje første gong Selbekk har fått slik kritikk frå Misjons-Noreg. I desember 2015 gjekk NLMs Espen Ottosen og Fjellhaug-rektor Frank Ole Thorsen ut og skreiv at Dagen burde møte Hege Storhaugs retorikk med større skepsis og ikkje «øke frykt mellom ulike religiøse grupper».

Kritikken kom etter ein leiarartikkel der Selbekk uttrykte støtte til Storhaug.

– Vil du seie at Dagens forhold til Misjons-Norge er tynnslite på grunn av din profil når det gjeld islam og innvandring, Selbekk?

– Nei, ikkje i det heile tatt. Der er stor takhøgde i Misjons-Noreg og eg trur vi lever fint med å ha ulike syn på spørsmålet om islam. Eg er glad for at NLM er med i debatten, svarar redaktøren.

LES OGSÅ: Fremmer feministisk islam

Propaganda

Heller ikkje Øyvind Åsland vil seie at hans tillit til Dagen er blitt tynnslite. Samtidig seier han at temaet er viktig for NLM og at dei vil halde fram med å diskutere det om det skulle bli nødvendig.

– Vi opplever at det er ein tendens rundt omkring i Kristen-Norge, ei frykt for islam som vi meiner det ikkje er grunnlag for, seier Åsland.

Han understrekar at dei ikkje ynskjer å vere naive i møte med islamistar.

– Men dette er ein type propaganda vi ikkje kjenner oss igjen i. Det er viktig å møte menneske med nestekjærleik.

«Tull»

Trond Bakkevig, prest og seniorforskar ved PRIO, kjenner seg ikkje att i Tvedts teori om at kyrkja har vore ein pådrivar for å gi islam påverknad i det norske samfunnet for eigen vinning.

– Det er berre tull, og det kan du sitere meg på, seier han.

– Det er ikkje sånn at vi har invitert islam inn, kyrkja har berre konstatert at islam er i Noreg. Det er heilt naturleg at vi søker samtale med muslimar, på same måte som vi snakkar med Human-Etisk Forbund eller jødane, seier han.

– Kvifor har denne teorien oppstått, trur du?

– For meg er det konspirasjonsteoriar. Det er openbart ein del som tenker sånn.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter