Nyheter

Fortrenger vonde ferieminner

Lyriker Marit Kaldhol skulle gjerne tatt en prat med miljøvernministeren.

– Kva gir deg sommarkjensle?

– Å ha dører og vindauge opne i huset, 
sleppe vinden inn, gå berrføtt frå rom til rom.

– Kva slags saker skaper størst skiljeliner i norsk politikk i dag?

– Innvandrings-/flyktningpolitikk og klima-politikk.

– Kva er det verste ferieminnet ditt?

– Dei vonde ferieminna har eg fortrengt!

– Kven ville du helst ha delt ein is med?

Tove Jansson.

Dyrker grønnsaker

– Kva er det mest oversette spørsmålet i den norske samfunnsdebatten?

– Spørsmålet om frihandelsavtalane TISA og TTIP. Det er eit alvorleg demokratisk og nasjonal-
rettsleg problem at forhandlingane er haldne unna offentleg innsyn.

– Kva slags forhold har du til tiggarar? Gir du dei pengar?

– Av og til, sikkert litt for sjeldan. Eg synest det er vondt å sjå.

– Kva er den mest religiøse opplevinga di det seinaste året?

- Veit ikkje.

– Kva drøymer du om å ha gjort innan hausten kjem?

– Eg drøymer om å få grønsakene mine til å 
vekse.

Følg spalten på Facebook og Twitter!

Til miljøvernministeren

– Kva er rettferd for deg?

– Yte etter evne, få etter behov.

– Kva slags bok les du i sommar, og kva gir lesinga deg?

– Fredrik Sjöberg: Varför håller man på? Inspirerande essaysamling som stimulerer sansen for sære detaljar og leikne digresjonar. Herlege lesestunder!

Korleis er sommartrimmen din?

– Som i året elles: Turar i skog og fjell. Kanskje eg får ein stille rotur også?

– Kva slags spørsmål bør Vårt Land stille oftare, og til kven?

Til miljøvernministeren: Kor mange artar 
har forsvunne i Noreg det siste året, og kva har du tenkt å gjere med det?

Marit Kaldhol er norsk lyriker og forfatter 
fra Ålesund.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter