Flyktningkrisa i Hellas veks. Drygt 56.000 flyktningar og migrantar kom over land og sjøvegen til landet i fjor, melder EUs grensekontrollbyrå Frontex – noko som er opp 33 prosent i høve til året før.

Nesten kvar dag kjem folk seg over frå Tyrkia til øyane Samos og Lesvos, som ligg tett inntil den tyrkiske kysten. Når dei har stega i land blir dei stua saman i overfylte leirar.

Moria på Lesvos er den største. Han er dimensjonert for 2.000 personar, kan huse inntil 3.000, men er i dag opphaldsstad for vel 5.000. Utanfor leiren bur vel 1.000 i telt.

LES MEIR: «Hent flyktningar til Norge frå Lesvos»

Samanbrot

Sjukepleiaren – og artisten – Marthe Valle kom nyleg heim etter ti dagar som frivillig helsearbeidar i Moria:

«Vi har vært vitne til en så inhuman og grovt uanstendig behandling av mennesker at det nesten ikke er til å fatte. Med piggtråd, gjerder, politi, næringsfattig mat, elendige sanitærforhold, manglende helsetilbud, falleferdige telt, vekslende tilgang på strøm, mangel på klær og soveposer i minusgrader, et mottaksapparat på grensen til sammenbrudd, og viktigst av alt, uvisshet om egen fremtid, skal mennesker på flukt skremmes fra å søke tilflukt i Europa», skriv ho på eiga Facebook-side etter ti dagar i leiren for hjelpeorganisasjonen MedGlobal som driv ein helseklinikk i Moria.

Støtte

FNs flyktningorganisasjon (UNHCR) og ei rekkje internasjonale hjelpeorganisasjonar peikar på at EU har løyvd store summar til Hellas – 1,6 milliardar euro sidan 2015 –slik at dei skal klare å handtere flyktningsituasjonen. Men greske styresmakter klarar ikkje å etablere eit mottaksapparat som er dimensjonert for dagens tilstrøyming. Også Norge har ytt støtte:

– Gjennom EØS-midla har Norge gitt vesentlege bidrag til oppbygging av ein sivil asyladministrasjon i Hellas og til kapasitetsbygging av det greske mottaksapparatet for flyktningar og migrantar, opplyste utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) i eit brev til Stortinget i fjor.

For perioden 2014-2021 gjev Norge Hellas 33 millionar euro til flyktninginnsats.

Reiser

Trude Jacobsen er generalsekretær i den norske hjelpeorganisasjonen Dråpen i havet, som blei skipa under flyktningtoppåret 2015. Også ho har nyleg vore på Lesvos, for organisasjonen driv eit senter rett utanfor Moria-leiren.

– Mange trur ruta mellom Tyrkia og Hellas er stengt. Dét er feil. Nesten kvar dag stig menneske i land på Lesvos, fortel Jacobsen.

Lat oss spole litt tilbake i tid.

I 2015 kom det vel ein million flyktningar og migrantar til Europa, storparten over havet mellom Tyrkia og Hellas. Vel i land på dei greske øyane reiste folk vidare til fastlandet, nordover på Balkan, inn i Ungarn og EU, for så å spreie seg over Vest- og Nord-Europa.

Berre til Norge kom det rekordmange. Nesten 32.000 søkte asyl.

I mars 2016 signerte Tyrkia og EU ein avtale som skulle stengje overfarten frå Tyrkia. EU betalar landet milliardar årleg for å stoppe dei som vil til Europa – og ta i retur dei Hellas sender tilbake. Gjerda EU-land har bygt mot Balkan held flyktningane unna EU.

LES MEIR: Fekk status som flyktning

Vonløyse

Moria skulle vere ein transittleir, men etter 2016 og EU-Tyrkia-avtalen er han blitt ein permanent heim for mange. Flyktningar og migrantar blir i månader og år. Mange av dei som blir registrerte som asylsøkjarar no i januar, får dato for asylintervju fire år fram i tid.

- Dei får dato og klokkeslett i 2023, fortel Jacobsen.

- Korleis vil du skildre kvardagen i Moria?

- Ille, verkeleg ille. Folk må stå timesvis i kø for å få mat, det er kaldt og folk frys. Og rapportane om overgrep mot kvinner og barn, som det er mange av i Moria, er talrike, fortel Jacobsen.

Ho meiner vonløysa er verst, og mange tyr til alkohol og narkotika for å døyve den. I kjølvatnet kjem valden, for når folk manglar alt, tyr ein lettare til vald for å få noko, seier ho.

Hjelpeorganisasjonen Leger uten grenser melde i haust at kvar einaste veke prøver unge asylsøkjarar å ta sine eigne liv på Lesvos.