Nyheter

«Hent flyktningar til Norge frå Lesvos»

Hjelpeorganisasjon meiner berre éi løysing høver: Etabler ei luftbru, tøm dei greske øyane for flyktningar, fordel dei i Europa.

– Norge bør vere eit føredøme ved å handle no. Framfor å vente på at EU løyser problemet med overfylte leirar på greske øyar, bør Norge ta initiativet og seie at «me tek så og så mange».

Forslaget kjem frå generalsekretær Trude Jacobsen i hjelpeorganisasjonen Dråpen i havet, som arbeider på øya Lesvos og tre stader på fastlandet i Hellas.

Jacobsen meiner levekåra er så elendige at einaste utveg er å tøme leirane, noko som betyr at flyktningane og migrantane som bur der må flyttast.

– Ein må få til ei relokalisering, ber Jacobsen.

LES MEIR: Fikk status som flyktning

Avlaste

Relokalisering er prøvd før i Europa - og Norge tok då sin skjerv: 1.500 asylsøkjarar frå Italia og Hellas.

I mai 2015 la EU-kommisjonen fram eit forslag som skulle avlaste landa som tok i mot flest asylsøkjarar, Italia og Hellas. Forslaget gjekk ut på at 160.000 asylsøkjarar skulle bli fordelt i alle EU-landa, og få søknadane handsama der

Ordninga fekk fleirtal i Europaparlamentet hausten 2015 – og med det blei EUs beredskapsmekanisme brukt for første gong: EU-land stiller opp med avlastning når eitt land mottek mange asylsøkjarar og immigrantar på ein gong.

LES MEIR: Flyktningleiren Moria er blant dei verste i Europa 

Kvote

Sjølv om Norge ikkje er EU-medlem, sa Solberg-regjeringa ja til å delta i det såkalla relokaliseringsarbeidet. Norge tok frivillig imot 1.500 asylsøkjarar - og var eit av få land som faktisk fylte kvoten.

Vedtaket om norsk mottak av 1.500 blei gjort av Stortinget i desember 2015 i samband med finansdebatten, i det såkalla asylforliket.

– Dette viser at Norge kan dersom me vil. No må me stille opp på nytt, meiner Trude Jacobsen i Dråpen i havet.

LES MEIR:

Barn

Innvandringspolitisk talskvinne i KrF, Torhild Bransdal, ønskjer ikkje å kommentere det konkrete utspelet frå Dråpen i havet - av omsyn til regjeringsforhandlingane på Hadeland.

– Men tilhøva på Lesvos krev ei løsying, for dei er uverdige, og det er særleg ei gruppe som blir ramma hardt, barna, seier Bransdal.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter