Nyheter

Flyktningar får Ikea-hus

Høgre og Frp vil hjelpe flyktningar
i nærområda. No skal flyktningar i Irak byte ut 
telt med langt betre byggjesetthus.

– 10.000 Ikea-hus til flyktningar i Irak er eit godt døme på kva vi i Framstegspartiet meiner med god hjelp i nærområda. Ved å gå over frå telt til desse flatpakka husa, vil mange flyktningar få eit betre tilvære, seier Kristian Norheim (Frp) til Vårt Land. Han sit i Stortingets utanriks- og forsvarskomité.

Med støtte frå Ikeas bistandsorganisasjon har det svenske ­designselskapet Better Shelter utvikla eit byggjesett som ­tåler mykje vind og ver. I løpet av ­nokre timar blir 71 røyr og 35 plastpanel sette saman til eit hus som kan romme ein familie på seks.

Etter at prototypen er prøvd ut med suksess i flyktningleirar i Etiopia og Irak, har FNs høgkommissær for flyktningar (­UNHCR) no tinga 10.000 plasthus som skal setjast opp i leirar i Irak. Ikea-huset er tre gonger dyrare å produsere enn teltet UNHCR set opp i dag, men det har lengre levetid – og bukvaliteten er langt betre.

– Dei representerer ei dramatisk forbetring i liva til mange menneske som er ramma av ­kriser, seier avdelingsleiar Shaun Scales i UNHCR.

Èin milliard

På Frps landsmøte gjorde partiet vedtak om å ­omdisponere midlar i bistandsbudsjettet for å hjelpe fleire flyktningar i nærområda til Syria. To dagar før Frp-vedtaket varsla­ statsminister Erna Solberg (H) at det blir gjort i ­revidert nasjonalbudsjett, som regjeringa la fram tysdag:

– Regjeringa vil i revidert ­nasjonalbudsjett auke støtta til humanitær innsats og utviklingsaktivitetar i Syria og nabolanda med 250 millionar kroner, slik at den totale norske støtta i år blir på éin milliard kroner. Støtta­ går blant anna til mat, helse, husly­, utdanning, vatn og sanitære tenester, seier Erna Solberg.

Sidan borgarkrigen i Syria starta i 2011 har Norge ytt nesten tre milliardar kroner i bistand til Syria og regionen.

LES OGSÅ: Tre krav frå flyktningsjefen

Mange internflyktningar

Haldninga til dei blåblå utfordrar resten av Stortinget. Eit vedtak samlar støtte i seks parti: Norge bør ta i mot 10.000 syriske flyktningar i år og neste år, seier KrF, Miljøpartiet Dei Grøne (MGD), ­Arbeidarpartiet, SV, Senterpartiet og Venstre.

Samstundes tek Ap, KrF og MDG til orde for å bruke meir pengar i nærområda til Syria for å avhjelpe den enorme flyktningkatastrofen som berre veks i ­omfang:

• I Syria og Irak, som er heimsøkt av krigen mot Den islamske staten (IS), er det vel 11 millionar internflyktningar.

• Krigen i Syria har sendt nesten fire millionar syrarar på flukt til naboland.

• Store flyktninggrupper frå ­Syria er på reise mot Europa, blant anna over Middelhavet.

LES OGSÅ: EU: – Det viktigste er å redde liv i Middelhavet

Endre bistandsbudsjettet

Framfor å hente fleire syriske­ kvoteflyktningar til Norge, vil Frp og Høgre heller bruke summen­ det kostar i landa som strevar med store grupper med ­internflyktningar , og i landa som mottek flyktningstraumen frå særleg Syria.

– Vi kan hjelpe langt fleire på denne måten, seier Norheim.

Arbeidarpartiet, som ivrar ­etter å hente 10.000 syriske flyktningar til Norge, vil også vri bistanden:

– Eg har tidlegare meint at vi faktisk kunne omprioritert midt i året for å prioritere meir til ­Syria, sa Ap-leiar Jonas Gahr Støre til Vårt Land nyleg.

KrF vil som Ap at Norge skal ta i mot 10.000 syrarar samstundes som Norge brukar endå meir i Syrias nærområde: Minst ­tredoble den humanitære støtta­ i nærområda til Syria frå 512 ­millionar kroner i 2014.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Skifte ut

I fjor vedtok Frps landsmøte at Norge skal vere 
ein pådrivar for at alle flyktningar skal bu i Ikea-hus, og ikkje i telt.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter