Nyheter

Tre krav frå flyktningsjefen

Høgkommissær Antonio ­Guterres har presenterte tre krav til verdas stats- 
og regjeringssjefar – ut over at fleire rike land må 
ta i mot fleire syriske flyktningar

I ei orientering til FNs tryggingsråd nyleg lista FNs høgkommissær for flyktningar opp desse krava:

• Humanitær hjelp til flyktningane og nærområda. Klarar verdssamfunnet dette, vil færre leggje ut på farlege reiser nordover.

• Sterk auke i støtta til naboland til Syria. Styresmaktene i landa rundt Syria må få utviklingsstøtte frå verdssamfunnet.

• Satse på tiltak som kan gjere flyktningar økonomisk sjølvberga, slik at dei kan yte noko tilbake til landa som har motteke dei. Bistandspolitikken må leggjast om, i dag får ikkje Libanon og Jordan nok bistand fordi dei er mellominntektsland.

Men, seier høgkommissær Guterres, no treng landa bistand for å handtere «det demografiske sjokket»; den enorme tilstrøyminga frå Syria.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Mer fra: Nyheter