Nyheter

Får bli etter 15 år på asylmottak

Utlendingsforvaltninga sa lenge nei til 70 år gamle Almetu Etana Gudissa. No har ho fått opphald.

Per Pedersen er gruppeleiar for KrF i Harstad kommunestyret – og styreleiar i Støttegruppe For Almetu Etana Gudissa. ­Sidan 2016 har han arbeidd iherdig, både politisk og praktisk, for å sikre ei eldre etiopisk kvinne gode og trygge levekår, i Norge.

No har arbeidet ført fram:

– Almetu Etana Gudissa fekk, omsider, eit positivt brev frå Utlendingsnemnda. Ho fekk opphald, fortel Pedersen til Vårt Land.

Etter 15 år på asylmottak har ho fått ny bustad i Harstad, kommunen betaler husleiga. Kvar månad får ho 6.000 kroner­ i sosial­stønad, slik at ho har ­pengar til livsopphald.

Ureturnerbare

Gudissa er ei av vel 60 single eldre kvinner som etter endeleg avslag er blitt buande på norske asylmottak fordi dei er såkalla «ureturnerbare». Heimlanda nektar å ta dei tilbake, eller så manglar dei identitetspapir som stadfestar kven dei er.

Almetu Etana Gudissa kom frå Etiopia i 2003 og søkte asyl. Ho fortalde at ho tilhøyrer den forfølgde folkegruppa oromo, at mannen var drepen, at ein son sat fengsla, mistenkt for å vere medlem av frigjeringsrørsla til oromoane og at ho ikkje visste kvar dei to andre barna var.

LES OGSÅ: Utan papir, utan håp

Avslag

Utlendingsdirektoratet (UDI) avslo asylsøknaden. Dei meinte ho ikkje hadde behov for vern i Norge. Klagen til UNE førte ikkje fram, for i 2004 gav ankenemnda kvinna endeleg avslag på søknaden om «beskyttelse og opphold på humanitært grunnlag». I åra som kom handsama UNE krav om å omgjere ved­taket heile seks gonger. Kvar gong sa UNE nei.

Gudissa kom til Norge med hjelp frå menneskesmuglarar, og reiste med falskt pass. Difor har det ikkje vore mogeleg for utlendingsforvaltninga å return­ere henne til heimlandet Etiopia sidan ho manglar godkjente identifikasjonspapir.

I dei 15 åra kvinna har budd på asylmottak, er ho blitt flytta eit tital gonger.

– Då eg møtte henne første gongen, i 2016, budde ho på eit såkalla desentralisert mottak, i ein kjellarbustad i eit hus. Eg såg det som ei brannfelle for ei funksjonshemma kvinne, fortel Pedersen, som same år skipa Støttegruppe For Almetu Etana Gudissa.

Fordi kvinna ikkje hadde ­advokat som kunne forfølgje saka i utlendingsforvaltninga, blei Pedersen hennar fullmektig. Saman med støttegruppa ba han i 2016 om omgjering av det endelege avslaget.

– Men kravet førte ikkje fram. Ho fekk nytt avslag.

I mai fjor fremma så Pedersen eit nytt krav om omgjering. UNE svarte først med å be om «ytterligere dokumentasjon på klagerens helsetilstand», og så om kvinnas «nettverkssituasjon i Norge og Etiopia».

Nettverk

Sidan 2016 har fleire arbeidd for Gudissa i Harstad. Eldreråd har vedteke at kommunen burde finne «en forsvarlig bosituasjon» for kvinna, samt at ordføraren blei oppmoda til å tale Gudissas sak i møte med utlendingsforvaltninga. I februar i år tok KrFs Per Pedersen opp saka i formannsskapet, som samrøystes sa at Harstad kommune tek imot Gudissa dersom UNE innvilgar opphald.

Samstundes tok stortings­representant Martin Henriksen (Ap) opp Gudissas lagnad med dåverande justisminister, Sylvi Listhaug (Frp):

Spørsmål

«Hvor lang tid mener statsråden det er rimelig at en eldre og syk asylsøker skal måtte vente på svar fra offentlige instanser som UNE, mens livet settes på vent?», spurde han i eit skriftleg spørsmål til statsråden.

Listhaug svarte at ho ikkje kunne kommentere einskild­saker, men la til at «Slik jeg ser det, er det i slike saker ofte ­søkerne selv som velger å sette sitt liv «på vent».

LES OGSÅ: Kan bryte med menneskerettighetene

Vilkår

– Så skjedde alt fort, For kort tid etter at eg tok opp saka i formannsskapet fekk vi brev frå UNE som fortalde at ­avslaget var omgjort, og at ho er innvilga opphaldsløyve, ­seier Pedersen.

Sjølv oppsummerer Utlendingsnemnda vedtaket slik:

«UNE mener det foreligger sterke menneskelige hensyn og at det ikke er avgjørende innvandringsregulerende hensyn i saken. Avgjørende for utfallet av saken har vært en samlet vurdering av klagerens helsesituasjon, alder, nettverks- og ressurs­situasjon, med særlig vekt på nye opplysninger om klagerens forverrede helsetilstand.»

Pass

Vedtaket har vilkår: Gudissa må søkje om fornya opphaldsløyve kvart år framover, og ho kan ikkje få familie til Norge.

– Innan den årlege fristen vil det kome ein søknad frå Gudissa: Det skal vi verkeleg hjelpe henne med.

UNE forklarar i vedtaksbrevet at opphaldsløyvet kan bli permanent dersom Almetu Etana Gudissa evnar å «fremskaffe pass som dokumentasjon på sin identitet», og at pass kan ho få ved Etiopias ambassade i Stockholm.

Trygg

Vårt Land har ikkje vore i kontakt med Almetu Etana Gudissa då ho ikkje snakkar norsk og har veik helse, men til Harstad Tidende fortel ho, via tolk, at «endeleg er eg trygg»:

– Eg slepp å sove på vakt i frykt for at politiet skal banke på døra og kaste meg ut av landet. Det kjennest som eg har fått eit nytt liv.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter