Nyheter

EU vil ha andre typar migrantar

EU vil heller ha studentar og forskarar enn migrantar utan utdanning.

I morgon opnar det aller største flyktningtoppmøtet i Maltas hovudstad Valletta. 28 EU-land møter 35 afrikanske land for å drøfte ein felles handlingsplan som kan stoppe straumen av reisande – flyktningar og migrantar – over Middelhavet. Norge deltek fordi vi er medlem av Schengen-samarbeidet; statsminister Erna Solberg (H) vaktar Schengens yttergrense i nord, mot Russland.

– Vi må skape meir felles politikk mellom Europa og Afrika, seier Solberg til NTB.

Følg oss på Facebook og Twitter!

LES MER: Dette er asylkravene til Frp og Høyre.

Nye arbeidsplassar

På Malta vil EU lokke med pengar, og enklare tilgang til lærestadar og forskingsinstitusjonar. Afrika-fondet på 1,8 milliardar euro – nesten 17 milliardar kroner – skal sikre økonomisk utvikling i afrikanske land som i dag opplever stor utreiselyst hjå særleg unge, arbeidsledige menn. For arbeidsplassar i heimlandet er vern mot migrasjon.

Men det afrikanske landet som sender flest borgarar over havet, er ikkje representert på Malta. Eritrea blir omtalt som Afrikas siste diktatur. Frå januar til september kom det heile 36.000 eritrearar til Europa; frå eit land som har seks millionar innbyggjarar.

Får konsekvensar

På Malta vil afrikanske land helst drøfte sikrare ruter. EU, og Norge, er meir opptatt av at afrikanske land skal hente heim migrantar frå Europa som har fått avslag på asylsøknadane. Erna Solberg seier Norge er opptatt av at migrasjon må finne stad i «ordna former».

Manglande vilje til å hente heim dei som har segla over Middelhavet, kan få negative konsekvensar for afrikanske land, seier Solberg:

– Problemet er at det over tid vil utarme vår evne til å vere ein god partnar for dei på andre utviklingsområde, seier ho.

LES MER: – Norge er for snille, mener Russland.

Andre grupper

EUs plan, som er blitt lekka før toppmøtet, har også eit punkt om at Europas leiarar ønskjer heilt andre grupper enn dei som kjem i dag. Framfor unge menn utan utdanning og yrkeskompetanse, ønskjer EU at langt fleire studentar, forskarar og entreprenørar skal velje å utvandre frå land i Afrika, melder The Telegraph.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Over havet

773.000 flyktningar og migrantar kom sjøvegen til Europa i årets første ti månader, melder Den internasjonale organisasjonen for migrasjon (IOM). Til samanlikning kom det berre 219.000 i heile fjor.

Over Middelhavet kjem to store grupper til Europa:

• Flyktningar, menneske som flyktar frå politisk forfølging og frå krig.

• Migrantar, menneske som søkjer eit betre liv reint økonomisk.

Dei som kjem følgjer i hovudsak to store ruter:

• Frå land i Nord-Afrika, særleg Libya, går det båtar med kurs for Italia.

• Frå Tyrkia går det båtar over havet til Hellas.

Langs Italia-ruta kjem det både flyktningar og migrantar, flyktningar frå særleg Eritrea, Somalia og Sudan, migrantar frå land i Vest-Afrika, med Nigeria heilt i front.

Langs Hellas-ruta kjem det også både flyktningar og migrantar, flyktningar frå Syria og Afghanistan, og migrantar frå særleg Pakistan, viser IOM-registreringar.

Nok er nok

Fleire av EU-statsleiarene som kjem til Malta, har negative meiningsmålingar i kofferten:

• Særleg tyskarar og austerrikarar fryktar for heimleg velferd og tryggleik som følgje av den sterke tilstrøyminga av flyktningar og migrantar.

• I Sverige er stadig fleire negative til å ta i mot fleire flyktningar.

I ei måling utført av avisa Die Welt og TV-kanalen ARD seier dei spurde at dei særleg fryktar for høge flyktningrekningar, stigande kriminalitet, auka terrorfare og sterke framandkulturar.

Då avisa Dagens Nyheter i september spurte svenskar om synet på flyktningar, svarte 30 prosent at Sverige må ta i mot færre. I oktober-målinga var talet 42 prosent.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter