Nyheter

EU og Norge pumpar pengar inn i Sahel

EU har sett av 46 milliardar kroner for å stoppe massemigrasjonen til Europa. Unionen har fått 200 millionar frå Norge.

1.300 kilometer aust for Oussoubidiagna i Mali sit ei mor ved vevstolen. Med kyndige hender vev Eveline Ouédraogo meter etter meter med fargesterkt tøy som blir til designklede. Betalinga ligg frå to til fire euro per meter.

På ein god dag klarar ho halvanna meter.

Eveline Ouédraogo bur i Burkina Faso, Malis naboland. Ho arbeider i eit lite kvinnefellesskap med vevarar som held hus i hovudstaden Ouagadougou. Fordi Ouédraogos dagsinntekt ligg litt over snittet i lutfattige Burkina Faso, kan ho klare å skape ei tryggare framtid for seg og barna.

Kanskje vil dei ikkje vekse opp med draumen om å reise over havet. Til Europa.

LES MEIR:

Næringsutvikling stoppar migrasjon

Veveriet blir støtta av Ethical Fashion Initative (EFI), eit utviklingsprogram som blir drifta av FN og Verdas handelsorganisasjon (WTO). EFI er ein av mange mottakarar av EU-euro.

I 2015, midt under flyktningkrisa, etablerte EU eit stort Afrika-fond. I dag rommar EU Trust Fund (EUTF) kring 46 milliardar kroner, og blir brukt til alt frå å halde migrantar unna Europas kyst; rause bidrag til Libyas marine som held gummibåtane unna Middelhavet, til næringsutvikling i utvalde afrikanske land - som landa i regionen Sahel i Vest-Afrika, som rommar både Mali og Burkina Faso.

Får EU-støtte

Difor støttar EUs Afrika-fond vevaren Eveline Ouédraogo når ho freistar å skape ei framtid for familien som skal bli så god at migrasjonstrongen ikkje melder seg.

EU støttar Ethical Fashion Initative, som i neste omgang støttar det kvinnelege vevarfellesskapet i Ouagadougou.

LES MEIR: Drukner på havet, lider i Libya-leirer

Kroner frå Norge

På Malta lova statsminister Erna Solberg (H) norsk påfyll i EUs Afrika-fond. Ho lova 200 millionar, og no har Norge gjeve 200 millionar. Saman med dei siste 60 millionane, leverer utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) ei bruksrettleiing: «Innsatsen vår bidrar også til å redusere de bakenforliggende årsakene til migrasjon, som fattigdom, mangel på inntektsgivende arbeid og dårlig styresett», skriv Søreide i ei pressemelding etter først å ha forklart at «Norge deltar aktivt i det europeiske samarbeidet om utfordringene med migrasjon og mennesker som er på flukt».

Norges 200 millionar blir fordelte til prosjekt i tre regionar, Nord-Afrika, Afrikas Horn og Sahel og Tsjadsjøen. Særleg Sahel er blitt viktig for regjeringa. I fjor la Utanriksdepartementet fram ein eigen norsk Sahel-strategi for perioden 2018-2020.

Kjelder: The New Humanitarian/Irin News, regjeringen.no, EUTF, EFI, WTO

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter