«Dersom produkt kjem frå israelske busetjingar, må merkinga vise dette opphavet», seier domstolen vidare.

Dette betyr at blomar, frukt og grønt frå israelske busetjingar på den okkuperte Vestbreidda må bli merkte slik at forbrukarane blir opplyste om akkurat dette, og at det ikkje står «produsert i Israel». Det same kravet gjeld vin frå Golanhøgdene, som Israel har okkupert sidan 1967.

Gjekk til rettssak

EU har lenge kritisert Israels busetjingar på Vestbreidda og Golanhøgdene, og vedtok i 2015 retningsliner for særskilt merking av varer frå områda. Året etter vedtok Frankrike det same.

Ein europeisk, jødisk organisasjon og ein vinprodusent på Vestbreidda svarte med å gå til sak mot Frankrike, som viste saka vidare til EU-domstolen.

Israel kritiserer domstolen

I den ferske orskurden seier domstolen at forbrukarar ikkje må bli villeia til å tru at ei vare frå ein israelsk busetjing på Vestbreidda kjem frå Israel. Faktum er, seier domstolen, at Israel er tilstades i dei aktuelle områda som ei okkupasjonsmakt.

Medan PLO helsar domstolavgjerda velkomen, haustar ho sterk kritikk frå Israel. Utanriksdepartementet seier i ei kunngjering at «det er for tida over 200 territorielle disputtar i verda, men domstolen har ikkje kome med ein einaste orskurd om merking av produkt frå dei territoria».

 

LES MEIR:

• Strid om vinmerking