Religion

Ein stad å lytta til

Såpeserien frå ein australsk småby skaper forståing på tvers av religion og livssyn.

Ann Kristin van Zijp Nilsen

Kommunikasjonsleiar i Areopagos og redaktør for magasinet Tørst

I den steikande, australske varmen set ein sveitt bonde seg på verandaen med ei kald øl. Roy heiter han. Tidlegare grinebitar, nyleg avslørt som hyggjeleg. Han byr den ganske nye romkameraten også, men i dag takkar ho ­smilande nei. Sarah heiter ho. Tøff sjukepleiar og praktiserande jøde. «Har dette noko med jom-greiene å gjera?» spør han og samanfattar jom kippur, forsonings­dagen, slik: «Du går rundt og seier unnskyld til alle du har gjort noko gale mot. Frå solnedgang til i morgon gjer du ikkje ein skit. Du verken et eller drikk, skal berre­ be og føla deg elendig heile dagen. Er det ikkje omtrent slik?» Ho flirer. Det er «den heilagaste dagen i den jødiske kalenderen», som handlar om å søkja andre si tilgiving og sjølv tilgi andre, forklarer ho.

Som Sana i Skam

Nesten ein million nordmenn har sett rollefiguren Sarah i den australske TV-serien «Et sted å høre til», sjølv om dei under femti sjeldan innrømmer det. Det fengande såpedramaet er lagt til 1950-åra og serverer store samfunnstema kledde i vakre etterkrigskostyme og bølgjande frisyrar: klasseskilje, kvinnekamp, rasisme og ikkje minst ­diskriminering. Særleg den umenneskelege behandlinga av homofile gjer sterkt inntrykk på dei fleste. Hatet og fordommane i serien har ikkje sjeldan med kristendom som undertone og argument, og det er lett å bli forarga av det. Kanskje er det like lett å oversjå at dei rollefigurane som kjempar mot mishandling og utstøyting av homofile, dei er minst like religiøse som dei fordoms- og hatefulle.

Midt i all dramatikken rundt den rike storfamilien Bligh, lever heltinna eit ­jødisk liv. Ho ber, feirar sabbat og tar rituelle mikve-bad i elva. Det er berre få år etter Holocaust, når ho praktiserer trua si blant ein overveldande og uforståande majoritet av ikkje-jødar. På ein måte som minner meg om den muslimske karakteren Sana i NRK sin ungdomsserie «Skam», viser ­serieskaparane fram Sarah sin religion og religiøse praksis som ein normal, truverdig og kvardagsleg del av menneskelivet. Serien viser også at religionen hennar er ei sterk drivkraft for det ho (og me) opplever er godt og rett å gjera.

LES OGSÅ: Kvifor er så mange skeptiske til personar med sterk kristen tru?

I møte med det som er annleis

Igjen og igjen viser det seg at møte med nyanserte liv bryt ned fordommane våre. Når me ikkje har venner eller familie som praktiserer ei anna tru enn vår eiga, treng me andre typar vindauge inn i annleis liv. TV-seriar, filmar, bøker og kontoar på sosiale medium kan vera slike vindauge. Dei gjer oss i stand til å både sjå alt me har felles, og til å forstå betre det som er forskjellig hjå andre. For i møte med det som er uforståeleg og annleis, er ryggmargsrefleksen sjeldan velvilje. Me samanliknar gjerne det me opplever som andre sine dårlege sider med våre eigne gode sider. Det er djupt menneskeleg og djupt urettferdig. Når folk driv med dialog på tvers av tru og livssyn, prøver dei gjerne læra seg å avsløra denne tendensen. Det er altfor lett å sjå på andre sine religiøse overtydingar og skikkar med kritiske augo, medan vår eigen ståstad slepp unna.

Eit godt vindauge

Om få veker begynner mange jødar å førebu seg til årets jom kippur. I tida før høgtida er fokuset retta mot «skrantende forhold til dem vi står nær. Vi manes til å finne det moralske motet som kreves for å be om unnskyldning,» kan me lesa på jødedommen.no – eit godt vindauge inn til jødisk tru og praksis for majoritetsnordmenn. Gjennom sjølvransaking og gudstenester som er «personlige øyeblikk mellom oss selv og Herren», får ein krefter til å erkjenna feil ein har gjort, reparera skadane – og læra av det for å veksa som menneske. I Religion for Atheists (2012) skriv filosofen Alain de Button at «jom kippur er ein av dei mest effektive psykologiske mekanismane som nokon gong er utforma for å løysa sosiale konfliktar».

På den australske verandaen treng ikkje Roy å tenkja lenge over at Sarah «feirer» ei uforståeleg og eksotisk jødisk høgtid i huset hans. Han seier: «Berre sei kva eg skal gjera, så hjelper eg gjerne.» Då svarer ho smilande: «Du kan oppføra deg som om dette var litt normalt.»

LES MEIR:

Alf Gjøsund: Først når vi ser at sektmedlemmer er som folk flest, kan vi gjøre noe med problemet

Psykolog: «Knutby minner oss om at mennesker kan reise seg igjen»

Mannen som endret Smiths venner åpner dørene

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion