Norge har hatt to dødshjelp-saker i nyare tid der to legar fekk mild behandling av domstolen. Ein fekk påtaleunnlating, Husebø-saka, ein blei dømd for drap, men blei ikkje straffa fordi han handla av medkjensle, Sandsdalen-saka.
– Har desse dommane påverka folks haldningar til dødshjelp, Morten Magelssen?
– Vanskeleg å seie, men det ser ikkje slik ut, seier han som er forskar ved Senter ved medisinsk etikk ved Universitetet i Oslo (UiO). Magelssen arbeider mykje med etikk ved livets start og slutt.
LES OGSÅ: «Arrogant å tro at våre verdier alltid er bedre enn våre forgjengeres»
Liberale
I Norge er aktiv dødshjelp forbode. Straffelova seier at «den som forvolder en annens død eller medvirker til dette, straffes med fengsel i minst åtte år». Straffa kan bli sett ned dersom den drepne samtykka.
Meiningsmålingar viser at det er ein langt større liberalitet i synet på aktiv dødshjelp i opinionen enn blant lovgjevarane på Stortinget.
Tre av fire nordmenn er opne for aktiv dødshjelp i gitte situasjonar, viser ei måling gjort av Norwegian Bioethics Attitude Survey (Nobas), eit kartleggingsprosjekt i regi av UiO og Handelshøyskolen.
Enkelt
Ein av dei ansvarlege bak Nobas, er Magelssen:
– Kvifor er det så stor avstand mellom opinionen og lovgjevarane i synet på aktiv dødshjelp?
– Dei som seier ja når dei blir spurt i meiningsmålingar, tenkjer ofte på ein enkel, konkret situasjon; ein ulækjeleg person som ønskjer dødshjelp for å sleppe store smerter. Lovgjevarane på si side må tenkje på heilskapen – kva kan det innebere å opne «litt» på totalforbodet mot aktiv dødshjelp, eller miskunndrap.
– Kva kan det innebere?
– Små liberaliseringar vil skape urettvis behandling. Dersom vi seier ja til at dei som er ulækjeleg sjuke og har seks månader att å leve, kan få dødshjelp, vil mange andre grupper, som opplever mykje liding, kunne krevje at også dei må få denne retten.
LES OGSÅ: Jensen og Hareide krangler om dødshjelp
Ekstrem
– Kva meiner du om den ferske saka frå Danmark?
– Her snakkar vi om eit miskunndrap som ikkje burde funne stad. Det er ei ekstrem handling som må vere forbode. Å vere pleie- pasient er ikkje eit uverdig liv.