Diakon i Spania: – Eg er stolt av å jobbe i Sjømannskirken
Fleire tilsette og frivillige har ytra misnøye med arbeidsforholda i Sjømannskirken. Ellen Faye Lindvig kjenner seg ikkje att i det kritikarane skildrar.
Sjølv om nokon har utfordringar, opplever eg ikkje at dette pregar alle dei andre stasjonane, seier Ellen Faye Lindvig.
Morten Opedal
– Eg jobbar ikkje i ein organisasjon prega av sjukemeldingar og uro, og eg har aldri møtt nokon i organisasjonen som har denne opplevinga, seier Lindvig.
I laurdagens Vårt Land ytrar fleire si misnøye med styre og stell i Sjømannskirken. «Det er ofte man går grinende hjem fra jobb fordi det er fullstendig kaotisk», sa ein tilsett ved kyrkjelyden på Gran Canaria som vil vere anonym. Såleis er det ikkje for diakon Ellen Faye Lindvig, som jobbar for Sjømannskirken i Albir-Villajoyosa i Spania.
– Dei eg treff er stolte og engasjerte. Sjølv om nokon har utfordringar, opplever eg ikkje at dette pregar alle dei andre stasjonane, fortel ho.
Bestill abonnement her
KJØP