Nyheter

Deprimerte menn oftare uføretrygda

Yngre menneske ser vekk frå at depresjonar kan ramme. «Effektivisering» kan lyde som eit honnørord, men det kan også bety å jobbe lengre, raskare og hardare.

Oppsummeringa blir levert av forskar Eva Lassemo ved SINTEF­. Saman med ei gruppe helseforskarar legg ho dette funnet på bordet:

I Norge har deprimerte menn tre gonger så stor sjanse for å bli uføretrygda som ikkje-deprimerte­. For kvinner er risikoen­ dobbel så stor.

Tala blir presenterte etter at forskarane har følgt ei stor gruppe nordmenn gjennom ti år (sjå faktaboks).

Kjønnsskilnaden blir forklart med at menn har oftare dårlegare sosialt nettverk og ingen nære dei kan vere fortrulege med – og menn synest å skamme­ seg over psykiske problem; dei ventar lenger før dei søkjer hjelp og har vanskar med å få kontakt med sitt indre og kome fram med sine problem.

LES OGSÅ: Han brenn for jobben

Dystar framtid

SINTEF-undersøkinga­ blir utfylt av årets Arbeidslivsbarometer. Mange fryktar åra som kjem:

• Totalt 12 prosent av norske arbeidstakarar­ fryktar at dei kan bli uførepensjonistar innan­ fem år. 17 prosent i gruppa med låg inntekt og låg utdanning forventar det same.

• 31 prosent trur dei sannsynligvis, eller kanskje, må redusere arbeidsinnsatsen grunna eiga helse. I gruppene med låg utdanning og låg inntekt svarar 38 prosent det same.

Tre forklaringar

Lassemo­ ved SINTEF dreg fram tre forhold når ho forklarar uførfunna­. For det første har vi eit kravstort arbeidsliv:

– Yngre menneske ser vekk frå at depresjonar kan ramme dei, og står på for fullt heile tida. «Effektivisering» kan lyde som eit honnørord, men det kan også bety å jobbe lenger, raskare og hardare, få fleire oppgåver og bli kontrollert meir, seier Lassemo til Sintef.no.

For det andre: Har tilsette veik styring på dagen, på aktiv-
itetar, tempo og rekkefølgje, kan dette verke nedbrytande på helsa. Det same skjer om ein har lite variert arbeid, stress, eller opplever at utført arbeid ikkje har nokon verdi.

– Dessuten er det typisk for depresjon å ha låg sjølvkjensle, tankar om at ein er ei belastning for andre, at andre­ trivst betre utan at den sjuke er der. Slike tankar – som er på grensa til vrangforestillingar, er med på at personen skuvar seg sjølv ut av arbeidslivet.

LES OGSÅ: En ny arbeidsufør hver time i løpet av tolvmåneders periode

Fleire menn

Om utviklinga av depresjon blant nordmenn viser Lassemo til ei under-
søking som fortel at mens det totale talet for deprimerte var uendra mellom 1990 og 2001, var fleire menn og færre kvinner deprimert i 2001 enn i 1990.

Lassemo meiner trygd og arbeidsliv­ går hand i hand:

– Arbeidslivet blir styrt av mange politiske og økonomiske krefter, og det varierer sterkt mellom bedrifter om dei ønskjer å halde fram med tilsette som har vore sjuke eller er langtidsjukmelde.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter