Nyheter

Dement fekk aktiv dødshjelp - viste teikn til motvilje då sprøyta skulle setjast

Nederlands høgsterett har avgjort uvanleg sak. Kvinne motsatte seg sprøyte, men fekk likevel en dødleg dose legemiddel. Ho hadde tidligere signert dødshjelpønskje.

I ei fersk avgjer slår domstolen fast at legar kan gje aktiv dødshjelp til demente pasientar sjølv om dei ikkje er i stand til på ny å stadfeste ønskje om å døy som dei tidlegare har formulert i eit livstestamente.

– Denne dommen har vidtrekkande og etter mi meining katastrofale konsekvensar for korleis me handsamar pasientar med langt utvikla demens, seier professor i legeetikk, Theo A. Boer, til Kristeligt Dagblad.

Han arbeider ved Det Protestantiske Teologiske Universitet i Groningen i Nederland.

Signerte livstestamente

Saka starta med at ei 74 år gammal kvinne døydde etter at ein lege ytte henne aktiv dødshjelp. Ho var dement og hadde sjølv signert eit dødshjelpønske før sjukdomen hadde utvikla seg.

Påtalemakta tok ut tiltale. Legen viste til at kvinna hadde signert eit såkalla livstestamente der ho uttrykte ønskje om å få døy. Kvinna hadde Alzheimer. I avisen De Telegraaf går det fram at ho den siste tida var svært forvirra og at ho fleire gongar dagleg sa at ho ville døy, men at ho andre gongar sa at ho ville leve lenger.

I eit livstestament skriv ein kva ein ønskjer dersom ein ligg for døden og ikkje sjølv kan uttrykke eigne ønskje. Personar som skriv livstestamentet vil til dømes unngå at han eller ho blir halde kunstig i live ved hjelp av pustemaskiner, intravenøs næringstilførsel eller ved antibiotika.

Påtalemakta peika på at kvinna kunne ha endra standpunkt i synet på dødshjelp, og at legen skulle ha avklart dette. Høgsterett avviser dette i den ferske orskurden.

Ba om prinsipiell avklaring

Då legen blei frikjent i fjor, skreiv domstolen:

– Vi konkluderer med at alle krav i dødshjelp-lovgjevinga var oppfylt. Difor er den mistenkte frikjent på alle punkt, siterer The Guardian.

Dommen frå 2019 blei ikkje anka, men påtalemakta ønskte at Nederlands høgste domstol skulle gje ei prinsipiell avklaring på spørsmålet om samtykke.

Sette seg til motverje

Då saka vart omtala i ei rekkje nederlandske og internasjonale medier hausten 2019, kom det fram i retten at dei pårøranda var til stades og støtta avgjerda då legen skulle gje den dødelege dosa. Kvinna fekk først roande medisin og var saman med dei pårørande og legen. Kvinna var roleg, men vakna opp og reiste seg då sprøyta skulle bli satt. Ho hadde då uttrykkt motvilje, skriv Kristeligt Dagblad og The Guardian.

Kristeligt Dagblad refererer at dei pårørande måtte halde kvinna fast slik at legen klarte å utføre dødshjelpa. I Nederland blir det brukt legemiddel som er dødeleg.

Avgjera til legen om at livstestamentet skulle effektuerast, blei støtta av to uavhengige legar, slik loven krev, melder BBC.

Lovleg sidan 2002

Sidan 2002 har aktiv dødshjelp vore lovleg i Nederland dersom pasienten lir av ein ulækjeleg sjukdom. Nedre aldersgrense er 12 år. I 2018 mottok vel 6.000 personar aktiv dødshjelp i Nederland, viser det nasjonale registeret.

Etterspurnaden etter aktiv dødshjelp, er stigande, melder Expertisecentrum Euthanasie. Klinikken har vore i drift sidan 2002, og dei fortel til Al Jazeera at dei mottok 3.122 førespurnader om aktiv dødshjelp i fjor, noko som var 22 fleire enn i 2018.

Det året etterkom Expertisecentrum Euthanasie 727 ønskje om å få døy. I fjor passerte talet 900.

Lovleg også i Belgia og Luxembourg

To andre land i Europa har også gjort aktiv dødshjelp lovleg, Belgia og Luxembourg. I 2014 utvida Belgia retten til også å omfatte barn. Ulækjelege sjuke mindreårige kan få hjelp til å døy, vedtok parlamentet i Brussel.

Opnar opp i Portugal

Portugal blir det fjerde europeiske landet som legaliserer aktiv dødshjelp. Trass sterke protestar frå den katolske kyrkja, vedtok parlamentet i Lisboa i februar å innføre aktiv dødshjelp for dødssjuke pasientar.

Vårt Land presiserer: I den første versjonen av denne saken, kom ikke kildegrunnlaget godt nok frem. Vi har også endret tittelen, som ikke var presis nok. 

LES MEIR

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter