– At det skjer nettopp i dag forsterkar inntrykka som går rett i hjartet på mange av oss. I påska, der vi feirar Jesu oppstode, håpet og livet, blir det utøvd slike dødens gjerningar.

Det sa Byfuglien til NRK på veg inn til høgtidsmesse i Nidarosdomen søndag.

Sjokkert

Terrorangrepa mot ei rekkje kyrkjer og hotell på Sri Lanka har drepe minst 207 menneske. Det er venta at dødstala kjem til å stige. Byfuglien omtalar angrepa som «ufattelege og grufulle».

– Dette kaster ein skugge over det som skal vere ein festdag over heile jorda, sa preses.

Tidligare KrF-leiar og statsminister Kjell Magne Bondevik synest det er sjokkerande å sjå omfanget av terroren. I eit intervju med VG omtalar han angrepet som eit «bevisst angrep på det kristne samfunnet på Sri Lanka».

– Når du angrip kristne kyrkjer på den viktigaste påskedagen, då vi samlast for å feire Jesu oppstode, då er det ingen tvil om kven dei vil råke. Dei treff kyrkja midt i hjartet.

LES OGSÅ: Paven: – Jeg ber herren på ta imot alle de som på tragisk vis ble drept

– Vil forsterke utryggleiken

Bondevik er i dag styreleiar i fredssenteret Oslosenteret, som mellom anna har jobba med fred og demokrati på Sri Lanka. Det siste året har det vore 35 angrep mot kyrkjer på Sri Lanka, ifølgje Bondevik.

– Dei 35 angrepa er alvorlege nok, fordi dei skaper frykt i dei kristne miljø på Sri Lanka, som berre er ein liten minoritet, men dei fleste har dreia seg om angrep med steinar og ikkje i nærleiken av å vere så omfattande og organiserte som den terroren vi har vore vitne til i dag.

Bondevik var sjølv på Sri Lanka for berre to månader sidan og såg ein ustabil politisk situasjon på Sri Lanka.

– Det er val seinare i år og den spente situasjonen, både den politiske og religiøse, er svært uheldig. Dagens terror vil dessverre forsterke den utryggleiken, meiner Bondevik.

Reagerer med sorg

Leiarar verda over har fordømt terrorangrepet. Tidlegare KrF-leiar Knut Arild Hareide sender tankar og bønnar til dei mange drepne og såra.

– Menneske som påskemorgon gjekk i kyrkja for å feire at Kristus er oppstanden. Kontrasten kunne ikkje vore større, skriv Hareide på Twitter.

Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad seier nyheitene frå Sri Lanka er tragiske.

– I dag går våre tankar og bønnar til dei som er råka, skriv Ropstad på Facebook.

Fungerande KrF-leiar Olaug Bollestad peikar òg på kontrastane frå feiringa av Jesu oppstode.

– Ord blir fattige, skriv Bollestad.