Nyheter

Bru: Toppen er nådd for norsk utbygging av vindkraft

Tina Bru varslar at toppen er nådd for norsk vindkraftutbygging. Men ho vil ikkje stansa påbegynte, kontroversielle prosjekt.

Etter fleire veker med store protestar mot vindkraftutbygging, lovar olje- og energiminister Tina Bru (H) ei «historisk innstramming» på feltet. Same dag som Stortinget tek sommarferie, la ho fram vindkraftmeldinga.

Her strammar regjeringa inn på fleire delar av konsesjonssystemet for vindkraft:

• Streng grense for byggestart.

• Strengare krav til utgreiingar.

• Meir lokal forankring, men ikkje kommunal vetorett.

• Makshøgd på turbinar.

Vil at utbyggar skal kome raskt i gang

Regjeringa vil sikra at når ein utbyggar får konsesjon, så skal byggestart skje raskt, innan maksimum to til tre år.

I mange kontroversielle prosjekt har konsesjon blitt gjeven for mange år sidan. På Haramsøya utanfor Ålesund vart konsesjon gjeven i 2008. Tina Bru trekker fram Tysvær Vindpark i Rogaland som eit anna døme.

Der vart det meldt inn planar om vindkraftverk i tilbake 2003, så startar bygginga først opp no. Mykje av kjelda til konflikt ligg i at folk føler at dei har blitt bondefanga av slike prosjekt, seier Tina Bru til Vårt Land.

• LES OGSÅ: Vindkraft skapar mykje drama. Her er fire av grunnane til det. 

Ho trur at ei strengare tidsfrist vil føra til at ein unngår liknande situasjonar som i Tysvær og på Haramsøya i framtida.

I tillegg skal det bli slutt på at vindturbinane kan veksa i storleik i løpet av planleggingsprosessen.

– Det blir ein makshøgd på turbinar. Utbyggarane kan ikkje auka høgda på turbinane over det som står i konsesjonen, seier Bru.

Kommunane får ikke vetorett

Kva rolle lokale styresmakter skal spela, har vore eit anna kontroversielt tema. Denne veka gjekk eit samla Fylkesting i Møre og Romsdal inn for full byggestans på Haramsøya, der det skal setjast opp åtte vindturbinar.

Vindkraftutbygging blir gjort etter energilova, der Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Olje- og energidepartementet har øvste myndigheit. Arbeidarpartiet har kravd at utbygginga heller skal leggast under plan- og bygningslova, slik at kommunane sit i førarsetet, melder Klassekampen. Det seier regjeringa nei til.

– Kommunane får ikkje vetorett mot vindkraftutbygging. Kraft er eit nasjonalt ansvar, det kan ikkje leggast på kommunane åleine, seier Tina Bru til Vårt Land.

– Men lokale styresmakter skal få meir å seia. Kommunar og regionar får nye roller i konsesjonsbehandlinga. Dei går frå å vera høyringspart, til å delta aktivt når NVE i planlegg heile løpet og gjer vurderingar i ulike fasar. Dei skal konsulterast tidleg og kan vera med å påverka NVE, seier Tina Bru.

Det skal også bli lettare for NVE å gje tidleg avslag i prosjekt som ein ser kjem til å bli kontroversielle.

– Er toppen for vindkraftutbygging nådd i Noreg?

– No kjem me med desse historiske innstrammingane samstundes som at kraftprisen er låg. Innan 2021 forvinn subsididieringa av vindkraft, då sluttar me med ordninga med elsertifikat og gunstige skatteavskrivingar. Eg forventar ikkje same utbyggingstakt av vindkraft i tida framover. Eg trur det framover blir meir moderat utbygging, både i omfang og tempo, seier Bru til Vårt Land.

– Motstemmene som vil stanse all vindkraft, kjem me ikkje i møte

Kravet om makstid for byggestart kjem både Arbeidarpartiet og Framstegspartiet i møte. I forkant av stortingsmeldinga har opposisjonspartia overbydd kvarandre i å stilla strenge krav til vindkraftutbygging.

Tina Bru meiner Stortinget ber eit felles ansvar for den betente vindkraftstriden.

– Alle politiske parti ber eit ansvar for den vindkraftpolitikken me har i dag. Eg trur heile det politiske miljøet ikkje har klara å føresjå kor konfliktfullt vindkraft kom til å bli. I 2016 hadde me ein diskusjon om energilova, men det vart ikkje noko stor politisk debatt om vindturbinar. Tvert i mot var mange over heile det politiske spekteret utålmodige over at me ikkje kom i gang med utbygging, seier Bru til Vårt Land.

Bru krever betre utgreiing

Regjeringa varslar også strengare krav til utgreiingar i forkant av vindkraftutbygging. Klimaeffekten ved å endra arealbruken skal utgreiast, og føre-var prinsippet skal brukast aktivt der ein manglar tilstrekkeleg kunnskap. Meir regionvis behandling vil gjera det lettare å sjå korleis vindkraftutbygging påverkar område som går over fleire kommunar, som reindriftsområde.

- Me veit også kor viktig friluftsliv er for det norske folk. Både landskap og friluftsliv blir vektleggast meir enn det praksis har vore fram til i dag, seier Bru.

Fleire har teke til orde for ein grunnrenteskatt til vindkraftkommunar. Regjeringa vil ikkje innføra nye skattar eller avgifter no, mellom anna i lys av låg lønsemd.

- Me skal vurdera fordelar og ulemper ved lokal kompensasjon og koma tilbake til Stortinget med desse vurderingane, seier Bru.

I går kveld melde NRK om hærverk på anleggsutstyr på Haramsøya. Det seier Tina Bru "ikkje er akseptabelt".

- Me kan ikkje ha det slik. Ein må kunne demonstrera på ein måte som er lovleg, men dette er ulovleg herverk. Og det er ubehageleg for dei som gjer jobben sin.

Stortingsmeldinga som Bru la fram, gjeld framtidige konsesjonar til vindkraft. Ho trur det er vanskeleg å få ned konfliktnivået i kontroversielle utbyggingar som alt er i gang.

- Mange av dei sterke motstemmene vil ha full stopp i vindkraft. Dei kjem me ikkje i møte. Konfliktnivået som alt er der ute, tenker eg er vanskeleg å få ned. Men eg håpar at me viser at me lyttar til mykje av uroa som folk har og viser at me vi ha meir lokal involvering. Det håpar eg får diskusjonen inn på eit betre spor, seier Bru.

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter