Nyheter

Blir «glansbilde» eller «offerhistorie»

Minoritetshistorie blir anten eit glansbilde eller ei offerhistorie, avdekker gransking av undervisningsmateriell i skulen.

Norge har fem nasjonale minoritetar. Sidan 1998 har det vore jødar, kvenar, skogfinnar, romani (tatarar) og rom (sigøynarar). Dei fem gruppene fekk minoritetsstatus då Norge i 1998 ratifiserte Europarådets konvensjon om vern av nasjonale minoritetar.

Bakgrunnen for Europarådets vedtak var minoritetar ofte har vore diskriminert og forfølgt. Difor ønskte rådet å styrkje menneskerettsarbeidet andsynes desse gruppene.

No har førsteamanuensis Vidar Fagerheim Kalsås ved Universitetet i Agder (UiA) sett nærare på korleis nasjonale minoritetar blir presenterte i grunnskulen og den vidaregåande skulen.

LES MEIR: Pris til skeive minoriteter

Framstillingar

I doktorgradsavhandlinga Forteljingar om eigenart og undertrykking: Ein studie av undervisningstekstar om minoritetane romanifolket og romar har Kalsås studert korleis romanifolket i Norge og romfolket i Sverige blir framstilte i åtte tekstar som er i bruk i grunnskulen og den vidaregåande skulen i dei to landa.

Korkje i Sverige eller Norge er historiene om minoritetane innarbeidde i historiebøkene, men blir presenterte for elevane i eigne hefte eller pamflettar.

Europarådets konvensjon er innarbeidd i Læreplanverket for Kunnskapsløftet på ulike måtar. Mellom anna seier dagens læreplan i samfunnsfag at elevar som går ut av barneskulen, altså etter 7. klasse, skal kunne klare å «gjere greie for nasjonale minoritetar som finst i Noreg, og beskrive hovudtrekk ved rettane, historia og levekåra til dei nasjonale minoritetane».

Grunnforteljingar

I doktorgradsarbeidet avdekker UiA-forskar Kalsås «to grunnforteljingar»:

– Fleire minoritetar er no innlemma i pensum både i Norge og Sverige, men dei blir anten framstilte som særeigne eller som offer for majoriteten og styresmaktenes forsøk på å dempe det særeigne ved dei, seier han til uia.no.

Kalsås finn at undervisningsmateriellet er prega av det han kallar to grunnforteljingar. Den eine fortel om eigenarten til minoritetsgruppa og legg positivt vekt på kultur og levemåte.

Den andre grunnforteljinga fortel om undertrykking av minoriteten og legg negativt vekt på storsamfunnet og styresmaktene, som gjennom tidene har forsøkt å endre kulturen og levemåten til minoriteten.

- Me får ei positiv historie om særeigen kultur der minoriteten blir ein slags einsam helt, mens me på den andre sida får ei historie om minoriteten som offer og styresmaktene som ein motstandar av denne kulturen. Historia om eigenarten blir eit glansbilde, medan historia om dei undertrykkande styresmaktene blir ei offerhistorie.

Definisjonar

I både Sverige og Norge er det publisert rapportar som fortel om diskriminering og undertrykking; ein svensk rom-rapport i 2014 og ein norsk romani-rapport i 2015.

Felles for begge rapportane er at dei legge vekt på at skuleverket må motverke diskriminering. Både i Sverige og Noreg blei det utvikla nytt undervisningsmateriell om minoritetane.

Kålsås viser i sin studie at den tale- og tenkjemåten nytt undervisningsmateriell er prega av, stammar frå dei to rapportane.

UiA-forskaren peikar på vegar å gå:

– Me manglar til dømes historia om møtet mellom minoriteten og majoriteten i samfunnet. Undervisningsmateriellet stadfestar definisjonane til Europarådet, men bidreg i liten grad til å inkludere minoritetshistoria som ein del av skulefaget historie, seier han.

LES MEIR: – Minoriteter har aldri vært nevnt

Nye planar

I Utdanningsdirektoratet, som har ansvaret for dei nasjonale læreplanane, ønskjer dei ikkje å kommentere funna til førsteamanuensis Vidar Fagerheim Kalsås. Direktoratet peikar på at forslaga til nye læreplanar for grunnskulen blei sendt på høyring sist veke. Her heiter det at etter 10. klasse skal eleven kunne «gjere greie for fornorskinga av (...) dei nasjonale minoritetane, og reflektere over kva konsekvensar det har hatt og framleis har på individ- og samfunnsnivå» og kunne «utforske korleis nasjonalstatar prøver å rette opp overgrep mot (...) nasjonale minoritetar, og kva internasjonale konvensjonar har å seie i slike prosessar».

I faget historie seier forslaget til nye læreplan at eleven etter avslutta vidaregåande på studieførbuande line skal kunne reflektere «over hvordan Norge og andre stater har behandlet minoriteter og urfolk, rettferdiggjort sine handlinger og forholdt seg til tidligere urett».

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter