Bitter kaffismak
Fyller du koppen med brun bønnedrikk frå Brasil, verdas største kaffiprodusent, risikerer du å drikke kaffi dyrka under ringe forhold.
Brasil er verdas største kaffiprodusent. Her vaskar ein plantasjearbeidar nyplukka kaffibønner.
Jul er høgtid for kaffikos. Ni av ti vaksne i Norge drikk kaffi, og kvar av oss heller ned kring 1.200 koppar årleg. Bryt vi ned tala frå Norsk kaffeinformasjon, viser dei at nordmenn drikk i snitt 3,7 koppar i kvardagen og 3,2 koppar på helgedagar.
Om lag 45 prosent av kaffien som kjem til Norge, er produsert i Brasil. Ingen andre land produserer meir enn dette søramerikanske landet. 55 millionar sekkar kaffi blei eksportert frå Brasil i fjor; drygt ein tredel av verdas kaffiproduksjon.
Vietnam er nummer to med rundt 15 prosent av verdsmarknaden. På tredjeplass kjem Colombia med om lag 10 prosent av produksjonen.
Bestill abonnement her
KJØP