Nyheter

Biskop ristar asyl-løysing

– Dersom mottakssenter i Nord-Afrika handlar om å kjøpe desse menneska vekk frå våre land og våre liv, ja, så er det djupt umoralsk.

Bilde 1 av 2

Helga Haugland Byfuglien likar ikkje det ho høyrer, korkje frå EU eller den norske regjeringa:

Unionen ønskjer å etablere mottakssenter i Nord-Afrika – og Solberg-regjeringa støttar forslaget.

Preses i Bispemøtet støttar hjelp i nærområda, der dette er mogleg, men sjefsbiskopen i Den norske kyrkja er svært kritisk til forslaget som blir sentralt på morgondagens EU-toppmøtet om asyl- og flyktningpolitikk.

LES MEIR: Sparar mange asyl-millionar - gjev berre litt til flyktningar

Støtte

Om forslaget som blei presentert på nytt på eit EU-krisemøte sundag, blir heia fram av statsminister Erna Solberg (H):

– For oss er det viktig at vi har ein felles europeisk asylpolitikk, at vi har felles reglar og normer og at vi kan delta i dei tiltaka som blir laga for å skape felles solidaritet, seier ho til NRK.

Måndag sa Arbeidarpartiets innvandringspolitiske talsmann, Masud Gharahkhani, at partiet vil vekk frå asylinnvandring og heller prioritere kvoteflyktningar. I mai tok Ap til orde for asylbehandling i tredjeland.

Resolusjon

Biskop Byfuglien minnar politikarane om resolusjonen Kyrkjemøtet vedtok i april:

«Europa lammes av økende fremmedfrykt. Gjerder settes opp. De fleste kommer seg ikke videre. Redde og slitne drives de fra skanse til skanse (...) I en verden der mange lider, er ikke svaret å distansere oss fra lidelsene og bygge murer. Kirken kan ikke leve med det», heiter det mellom anna.

– Vi har ei plikt til å ta i mot dei som søkjer vern, i vårt land, meiner preses.

Døyr

Frå januar til juni har nesten 83.000 flyktningar og migrantar kome seg over Middelhavet frå hamner i særleg Libya. Eit fåtal når over på eigahand. Storparten har blitt plukka opp frå skrøpelege båtar og frakta til italienske hamner. I same periode har nesten 1.000 mista livet i Middelhavet.

For snart ein månad sidan fekk Italia ny regjering, og Ligaens høgrepopulistiske leiar Matteo Salvini blei innanriksminister og landets mektige mann. Hans første avgjer var å nekte flyktningar og migrantar som blir plukka opp i Middelhavet å kome i land i Italia. «Vi er ikkje Europas dørmatte», skreiv han på Facebook.

LES MEIR: Norge hentar kvoteflyktningar i Libya

Avvist

Med Italia i front prøver no EU å realisere eit gamalt prosjekt: Eigne leirar for flyktningar og migrantar sør for Middelhavet, helst nord i Afrika. Vona er at land skal vere villige til å huse slike leirar mot EU-støtte.

Måndag var innenriksminister Salvini på vitjing i Libya og presenterte konkrete løysingar. «Vi har lagt fram forslag om å opprette mottakssenter langs den sørlege grensa i Libya for å hindre at også Libya blir ein flaskehals for migrantstraumar, slik som Italia», skreiv Salvini på Twitter.

Libyas visestatsminister, Ahmed Maiteeq, gav italienaren svar på tiltale på ein felles pressekonferanse:

– Vi avviser kategorisk å opprette migrantleirar i Libya.

Gammal

Ideen om å etablere eigne mottakssenter for migrantar i Nord-Afrika er gammal – og tysk.

I 2004 la Tysklands dåverande innanriksminister Otto Schily fram forslaget om at EU skulle etablere seg utanfor Europa, og Tyskland fekk med seg Italia. Konkret ønskte dei at EU skulle opprette eigne senter for migrantar i Nord-Afrika for å stoppe straumen av flyktningar og migrantar som ville til Europa.

Ved å skilje mellom asylsøkjarar og illegale innvandrar skulle forslaget om leirar i Nord-Afrika bli meir akseptabelt ved at EU kunne styre unna juridiske hindringar.

Ideen var at aktuelle transittland skulle få støtte frå EU for å ta hand om mottakssentra og dessutan syte for å sende folk tilbake til heimlanda.

Skrinlagt

Sosialdemokraten Otto Schily, som kom frå Dei grøne, vann ikkje fram i EU.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter