Nyheter

Biskop-leia organisasjon har fått 1,5 millionar frå Vistes vikarbyrå

Biskop Tor B. Jørgensen er styreleiar i Mennesker i Limbo. Organisasjonen har fått 1,5 millionar kroner frå Vistes vikarbyrå. Jørgensen er budd på straffeansvar

Bilde 1 av 2

På publikumsplassane i rettssal 828 i Oslo tinghus er det halvfullt. Mange av dei som kom for å vise sin sympati med Arne Viste måtte reise heim. Mange til jobbar som vikarar i Vistes vikarbyrå Plog.

Onsdag er forsvarets dag i straffesaka mot Arne Viste. Han og Plog er tiltalte for grove brot på utlendingslova ved at dei har tilsett vikarar som ikkje har lovleg opphald i Norge; dei er såkalla ureturnerbare.

I vitneboksen sit ein pensjonert biskop i Den norske kyrkja. Tor B. Jørgensen er også styreleiar i organisasjonen Mennesker i Limbo, som støttar opp om ureturnerbare, utlendingar med endeleg asylavslag, og som Norge ikkje klarar å få tvangsreturnert til heimlandet.
Mennesker i Limbo har rundt 180 medlemmer som med nokre unnatak er ureturnerbare.

LES MER: Dette er de Arne Viste kjemper for

«Lever på utsida»

I rettssal 828 fortel biskopen om kva slags liv medlemmene i Mennesker i Limbo lever i Norge i dag.

– Dei lever på utsida av samfunnet. Dei bur hjå vener, reiser rundt med sekken sin. Dei lever svært stressande liv, og får dermed både fysiske og psykiske plager. At dei klarar å halde vona oppe i liva sine, er veldig imponerande, seier Jørgensen.

– Dei som vel å bu på asylmottak, må klare seg med 947 kroner som blir utbetalte kvar 14. dag.

LES MER: Min Tro med Arne Viste som risikerer to års fengsel for kallet han tror han har fått av Gud

Jørgensen oppsummerer med at seie at desse ureturnerbare menneska «lever på utsida av alt».

– Me snakkar om bortkasta liv. Men dei held ut fordi dei ikkje har nokon stad å reise.

Heiar på Plog

På denne bakgrunnen har Jørgensen valt å heie på Arne Vistes arbeid med vikarbyrået Plog.

– Min respekt for Arne og hans prosjekt, er stor.

Som styreleiar i Mennesker i Limbo løfter han fram Viste og Plog:

– Me oppmodar våre medlemmer om å søkje jobb i Plog, og me oppmodar arbeidsgjevarar til å tilsetje vikarar frå Plog.

Biskopen opplyser at 10-15 av Mennesker i Limbos medlemmer har fått jobb via vikarbyrået.

– Jobbane i Plog gjer dei stolte og trygge.

LES MER: Gunnar Stålsett: Jeg har brutt utlendingsloven

Moralsk kompass

På spørsmål frå aktor, politiadvokat Hans Petter Pedersen Skurdal, om biskopen ikkje respekterer avslag fatta i utlendingsforvaltninga, svarar Jørgensen:

– Eg kjenner folk som er returnerte til forfølging. Mitt moralske kompass seier at eg står opp for menneske som treng vern.

LES MER: KrF: Vi vil gjeninnføre arbeidstillatelse til ureturnerbare

Har fått pengegåve

Mennesker i Limbo har fått ei pengegåve på 1,5 millionar kroner frå Arne Viste og Plog. Pengane stammar frå vikarlønningar arbeidsgjevarar har betalt til Plog, men fordi Viste ikkje får betalt inn alle skattar og avgifter – statlege etatar nektar å ta i mot pengar frå det dei fastslår er ulovleg arbeid – har Viste valt å gje Mennesker i Limbo 1,5 millionar kroner.

– Dette er utbytte av ulovleg arbeid, og pengar frå utbytte av straffbare handlingar skal inndragast, opplyser aktor.

LES MER: Iranarar redde for å miste jobben - følgjer Viste-saka tett

Står på konto

Biskop Jørgensen fortel retten at pengane står på konto, og dei har fatta eit styrevedtak om ikkje å bruke dei i drifta av Mennesker i Limbo.

– Me har valt å fryse pengane, og ikkje bruke dei før rettssaka er avklart.

Sjølv er biskopen budd på eventuelle personlege konsekvensar:

– Eg er budd på ta ansvaret dersom det blir snakk om strafferettsleg ansvar.

LES MER: Avviser Arne Vistes tolking av Grunnloven

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter