– Me vil gjerne at fleire av landets største bykommunar skal bli ein av-og-til-kommune, ganske enkelt for å nå ut til flest mogleg, seier generalsekretær Randi Hagen Eriksrud i alkovettorganisasjon Av-og-til.

Derfor får Oslo, Bergen, Trondheim og alle andre kommunar som ikkje er blitt ein av-og-til-kommune eit brev frå Randi Hagen Eriksrud når dei nyvalde by- og kommunestyra kjem saman.

LES MEIR: Helsetoppar glade i alkohol

Drikk meir vin

Omsetjinga av alkohol dei ti siste åra viser at nordmenn kjøper meir vin og rusbrus og mindre brennevin og øl, viser ferske tal frå Statistisk sentralbyrå for perioden 2009-2018. Dei omfattar ikkje taxfree og grensehandel.

Nordmenns alkoholkonsum har konsekvensar, viser ei nyleg utført undersøking gjort av Vinmonopolet:

Ein av tre studentar har skofta førelesing eller deltidsjobb grunna alkoholbruk.Tre av fire nordmenn fortel at dei har vener som har vore vekke frå jobb eller skule grunna alkoholbruk dagen før.Ein av ti er uroa for at eige alkoholkonsum skal gå ut over arbeid eller studier.Og: Ein av fem vedgår at dei har venta ein ekstra dag før dei kunne arbeide eller studere effektivt etter at dei har drukke.

Må ha plan

Fordi alle kommunar må ha ein såkalla ruspolitisk handlingsplan, tilbyr Av-og-til-generalen det ho kallar ei verktøykasse - om dei folkevalde seier ja til å bli ein av-og-til-kommune.

Kommunen får tilgang til materiell, råd og vegleiing, og må plikte seg til å setje av ressursar til å jobbe for rusførebygging lokalt, og rulle lokale kampanjar.

– Variasjonen på prosjekta er stor. Medan nokre arbeider med unge og alkohol, legg andre vekt på foreldre og alkohol medan fleire arbeider med idrett og alkohol, fortel Hagen Eriksrud.

LES MEIR: Prest vil servere alkohol - slutter om han ikke får lov

Kommunal servering

60 kommunar med 862.000 innbyggjarar er av-og-til-kommunar. Oversikten avdekkjer at dei aller største kommunane ikkje er med. Av Norges ti største kommunar var lenge berre Sandnes og Sarpsborg på Hagen Eriksruds liste.

I samband med bystyrets behandling av 2019-budsjettet la Arbeidarpartiet, SV, MDG og Rødt i Stavanger bystyre fram eit forslag:

«Vi vil at forbruket og utgiftene til alkohol skal gå ned og velger derfor å gå inn for at Stavanger kommune skal bli en 'av-og-til-kommune'. Dette medfører at det blir økt bruk av egenandel ved kjøp av alkohol når kommunens står som arrangør og vert.»

Forslag nedstemt

Men partia som styrer Stavanger, Høgre, Frp, Venstre, KrF og Senterpartiet, avviste forslaget.

– Kvifor det, varaordførar Bjørg Tysdal Moe?

– Fordi det inngjekk som ein del av opposisjonens alternative budsjett, og me hadde vårt budsjett som me stemte for, forklarar Tysdal Moe som representerer KrF.

Stavanger er likevel blitt ein av-og-til-kommune. Tysdal Moe fortel at i samband med arbeidet med ruspolitisk handlingsplan vedtok Stavanger no i sommar å starte opp samarbeidet med alkovettorganisasjon Av-og-til.

LES MEIR: Skåler i cider - nytt avgiftskutt på alkohol

Høg pris

I Folkehelsemeldinga seier Solberg-regjeringa at skadeleg bruk av alkohol skal reduserast med minst ti prosent innan 2025. Dette har også Stortinget slutta seg til.

– Vil Norge klare å nå dette målet, Randi Hagen Eriksrud?

– Det er framleis mykje som står att før alkoholproblema i samfunnet vårt er løyste. Det er mange som har det vondt og vanskeleg som følgje av eige eller andres alkoholbruk. Prisen me som samfunn betalar er høg, både i reine utgifter og i menneskelege kostnader. Lokal alkoholførebygging vil dessverre framleis vere svært naudsynt i åra som kjem.