Klima

Avviser at klimaet treng ein ny religion

Økoteolog Tom Sverre Tomren meiner det ikkje er hald i påstanden om at kristne er for opptekne av mennesket til å klare å løyse klimakrisa.

– Tanken om å konstruere ein religion er umogeleg for meg som kristen teolog å vere med på. Men å ta inn over seg ny kunnskap og ønskje å fornye religionen er meir konstruktivt, seier Tom Sverre Tomren, teolog og førsteamanuensis på Høgskulen på Vestlandet.

Tysdag sa den danske antropologen Cecilie Rubow til Vårt Land at ein ny klimareligion vil vere nyttig for å motivere folk til klimahandling. Kristne sitt eksistensialistiske syn er ikkje eigna til å redde verda frå klimaendringane, meiner ho.

Økoteologi

Tomren meiner dette er ein gamal bodskap som kyrkja har jobba med i 50 år.

– Det tar tid å få ny teologi ut til preikestolen og til konfirmantundervisinga. Men dette har lenge vore eitt av dei felta kyrkja har jobba mest med, seier han.

Han har skrive doktoravhandling om miljøetikk og økoteologi i Den norske kyrkja. Økoteologi er ein måte å ta inn ny kunnskap om natur, miljø og klima i teologien. Tomren seier at han har leita etter nye perspektiv i Bibelen, og tolka Jesus i lys av økologisk antropologi.

– Kyrkja har tidlegare tenkt at Jesus var ein kvit europeisk mann, ein representant for menn, og seinare for alle menneske. Men no er det fleire som ser på Jesus som representant for jorda og heile skaparverket, seier han.

LES MEIR: Hyrder i klimakrisens tid

Ser potensial

Tomren meiner framleis at Den norske kyrkja kan gjere meir, slik at organisasjonen kan vere eit godt miljøførebilete. Han nemner CO2-frie reiser som eitt døme.

I 2007 vart Tomren invitert til klimaseminar, der kyrkjeleiarar og politikarar skulle reise med fly til Svalbard. Det meiner han viser at kyrkja ikkje er bra nok enno.

– Det hadde ikkje skjedd med ein sterk miljøetisk plattform for korleis kyrkja skal drivast. Då skulle dei heller invitert til eit seminar ein stad det går an å reise til med tog, seier han.

Han meiner at kyrkja kan gjere ein jobb med å rydde opp i eigen organisasjon.

– Det er mange gode enkeltinitiativ i organisasjonen, men potensialet er ikkje utnytta enno. Det burde vore meir systematisk, for då kunne det gjort ein skilnad, seier Tomren.

Handling og tenking

Han trekkjer fram at kyrkja har miljøkontaktar i kvart prosti, markerer miljøskaparverkets dag, grøne kyrkjelydar og kyrkjelydar som er miljøfyrtårn.

– Er kjeldesortering og miljøfyrtårn bra nok for kyrkja?

– Dette er middel – ikkje mål. Det har ikkje ein funksjon før det klarer å endre handling og tenking hjå folk. Det skal skape møtepunkt og inspirere til handling, det er dei verkemidla vi har.

Verdipåverkar

Den norske kyrkja har gjort eit stort arbeid med å motivere til klimahandling, meiner Paul Erik Wirgenes, som er avdelingsdirektør i avdeling for kyrkjelydsutvikling i Kyrkjerådet.

– Det største prosjektet som kyrkjene har samarbeidd om dei siste ti åra er Skaparverk og bærekraft, om vårt høve til miljø, forbruk og rettferd. Her har vi samarbeidd tett med klima- og miljøorganisasjonar, seier Wirgenes.

Han meiner at kyrkja internasjonalt gjer eit stort arbeid saman med andre verdsreligionar, med å påverke sine eigne, men også verdsleiarane i internasjonale klimaforhandlingar.

Wirgenes meiner kyrkja står for mange initiativ som motiverer folk sine handlingar.

– Kyrkja si rolle er å vere verdipåverkar, og vi oppfordrar folk til å vere meir medvitne om sitt forbruk. Vi kan alltid gjere meir. Vi må vere tydelegare i vår forkynning og at det å vere miljømedviten er ein del av vår etikk, seier han.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Klima