Måndag morgon starta straffesaka mot Arne Viste som driv vikarfirmaet Plog, ei verksemd som berre gjev jobb til såkalla ureturnerbare – asylsøkjarar med endeleg avslag, men som ikkje reiser frå landet fordi heimlanda nektar å ta i mot dei, eller fordi dei manglar identitetspapir. Denne gruppa har ein ting felles, dei har ikkje lovleg opphald i Norge.

I tiltalen skriv påtalemakta at Arne Viste og Plog «forsettlig eller grovt uaktsomt gjør bruk av en utlendings arbeidskraft når utlendingen ikke har nødvendig tillatelse etter loven».

Strafferamma er to års fengsel.

Les alt om rettssaken - punkt for punkt og se video fra tinghuset 

Løyve

I retten seier politiadvokat Hans Petter Pedersen Skurdal, aktor i straffesaka, at Viste er tiltalt for å bruke utanlandske statsborgarar som ikkje har arbeidsløyve i Norge.

–UDI har ikkje gjeve dei dette.

LES MER: Nasim og Lula er bare to av over 3.000 mennesker som lever på utsiden av storsamfunnet

Manglar løyve

Skurdal understrekar at utlendingar må ha lov til å vere i Norge for å jobbe i landet.

– Har ein ikkje lov til å vere i Norge, har ein ikkje rett til å jobbe i Norge, så enkelt er det etter påtalemaktas syn.

Ulovleg

Aktor seier at politiet i Stavanger har gjeve beskjed om at aktiviteten i Plog ikkje er lovleg, men det valde Viste ikkje å rette seg etter.

–Det offentlege har sagt i frå til Viste om at aktiviteten er ulovleg
Andre ville truleg teke signala.

LES MIN TRO MED ARNE VISTE