Kolstø treff blink med overskot
Hanne Kolstø og produsent Øyvind Røsrud Gundersen har vorte røffare, og enkelte av songane, som tek for seg det nære og mellommenneskelege, er meint for eit stort publikum.
I 2016 skifta Hanne Kolstø over til norsk, og årets album, Fare, er fyrst og fremst eit bevis på at ho klarer å omsette eigen rastløyse til eit musikalsk overskot, skriv anmeldaren.
Joakim S. Enger
Hanne Kolstø frå Sykkylven er i flytsona og gir ut sitt sjuande album sidan debuten Riot Break i 2011. I 2016 skifta ho over til norsk, og årets album, Fare, er fyrst og fremst eit bevis på at ho klarer å omsette eigen rastløyse til eit musikalsk overskot. Saman med produsent Øyvind Røsrud Gundersen, som har vore med heile vegen, er Fare ei beatbasert reise som gir kvar melodi nok luft, slik at det sjeldan blir einsformig. Her er det mykje overskot.
Men for å klargjere litt først så vert ordet «Fare» tvitydig når ho syng på sunnmørsdialekt. Fare kan og tyde å reise/stikke, om du er frå nordvestlandet, og musikalsk sett har ho etablert seg slik at ho kan fare både hit og dit, frå plate til plate, frå by til bygd. Ho har fridomen, og tryggleik finn ho no ved å syngje på morsmålet. Og det skulle vel bare mangle, all den tid ho har ei Ivar Aasen byste heime i stova.
Sjangerblanding
Bestill abonnement her
KJØP