TRU: Heime hos professor emeritus i teologi, Notto Thelle, er det ikkje tale om minimalisme.
Charlotte Førde Skomsøy
Notto Thelle ser på trua som ein løk: – Det finst ikkje ein ferdig formulert kjerne
Heime hos teologen Notto Thelle er det ikkje tale om minimalisme. Veggane står breddfulle av bøker, som det høver seg for ein forfattar og professor emeritus. Eit flygel har funne sin plass på stovegolvet, som ein open delevegg for ein av blokkleilegheitas fleire sitteseksjonar. Det som likevel påkallar ekstra interesse, er alle figurane frå Aust-Asia. Blant dei er buddhaversjonen av Austens tre vise apar, i knallraude fargar. Dei tre buddhafigurane uttrykker at vi skal la vere å dvele ved vonde tankar, slik dei høvesvis held seg for auger, øyrer og munn: «ikkje sjå, ikkje høyre, ikkje seie».
– Vi har huset fullt av avgudar og poetar, humrar Thelle.
Vi trer inn.