Lill Sverresdatter Larsen dreg parallellar mellom tru og placebo-effekten i helsevesenet: – Om du trur på ei behandling, så gir det deg 30 prosent meir styrke til å få den behandlinga til å verke. Det er placebo-effekten. For meg er det ikkje så nøye om det finst ein gud eller ikkje. Men viss det gir deg noko... Og det gir meg noko. Det gir meg ei kraft, seier ho.

Lill vaks opp i same bygd som den omstridde presten Børre Knudsen. Det var ikkje alltid like lett.

Publisert Sist oppdatert

Lill Sverresdatter Larsen hugsar det godt: Eit bedehus klart til gudsteneste, der alle hadde funne plassane sine på smale, steinharde kyrkjebenkar. Ho sat der saman med bestefaren, foreldra, syskena – og fleire andre frå heimbygda Balsfjord.

Så kom han inn bakarst i rommet. Stemma hans – ei fantastisk stemme – romma heile bygget. Ho har aldri høyrt nokon andre synge slik, verken før eller sidan. Sjølve innhaldet i preikene er blitt vagt med åra, men ho kan hugse at han kviskra. Han kunne gå ned på kne, for så å reise seg og rope ut like etterpå.

Ho kunne få frysningar på armane.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP