Vi lever med savnet etter noe vi aldri har hatt
12. SØNDAG I TREENIGHETSTIDEN: For den lesaren som oppdagar dei andre i forteljinga, er dette ein særs krevjande tekst. Ikkje minst med tanke på dagens situasjon.
Då Moses sende dei av
stad for å utforska Kanaan-landet, sa han til dei: «Dra opp til Negev og vidare
opp i fjellet! Sjå korleis landet er, og om folket som bur der, er
sterkt eller veikt, lite eller stort. Korleis er landet dei bur i, er
det godt eller dårleg? Kva slag byar held dei til i, er det teltleirar eller
festningsbyar? Og korleis er jorda, grøderik eller mager? Veks det tre
der eller ikkje? Ver modige og ta med noko av førstegrøda i landet!» Det var
tida for dei første druene.
Så tok dei av stad og
utforska landet frå Sin-ørkenen til Rehob ved Lebo-Hamat. Dei drog opp
gjennom Negev og kom til Hebron. Der budde anakittane Ahiman, Sjesjai og
Talmai. – Hebron var bygd sju år før Soan i Egypt. Då dei kom til
Esjkol-dalen, skar dei av ei vinranke med ein drueklase. To mann bar han på ei
stong. Dei tok òg granateple og fikenar. Den staden vart kalla
Esjkol-dalen, etter den drueklasen som israelittane skar av der.
Bestill abonnement her
KJØP