Korleis jobbe for fred i det heilage landet?
KRIG OG FRED: Kva skal til for å lukkast med fred i Midtøsten denne gongen? Eit fond for folk-til-folk-samarbeid kan vere ein del av løysinga.
HEBRAISK OG ARABISK: Innsendaren ønskjer seg fleire tospråklege skular i Israel og Palestina. På biletet: Born på skule i Deir al Balah i Gaza, fotografert i april 2024.
Abdel Kareen Hana
Førre veke kunne vi endeleg lese at Israel og Hamas har vorte einige om ein våpenkvileavtale. Men som Espen Barth Eide sa i eit intervju, betyr ikkje dette at det er fred, men heller at det er eit startpunkt for arbeidet for ei løysing. Vidare sa han at ein denne gongen ikkje kunne tillate at dette ikkje fører til ei politisk løysing. Men kva skal til for å lukkast denne gongen?
Til dette spørsmålet vil eg løfte fram KrF sitt utkast til partiprogram. Der står det at vi vil auke støtta til lokale og internasjonale organisasjonar som arbeider for fred og forsoning. Kvifor er det så viktig, tru?
Folk-til-folk-samarbeid
Bestill abonnement her
KJØP