Verdidebatt

Økonomi – det overordna kravet for borna sine liv

BORNA: Kvar vart det av freden i lesestundene, samtalen, teikninga, skapinga og songane? Kvifor blir 10 minuttar per dag med lesing lansert av nokre som eit snutiltak for lesinga? Det høyrest like effektivt ut som ei skei med tran.

Statsministeren snakka om born, oppvekst og skule i nyttårstalen sin. Han snakka om konkrete tiltak som skal snu uheldig utvikling. Det handla mellom anna om skjermbruk og at ein må innføra bøker i klasseromma att. Læraren skal få tilbake retten til å styra. Dette er tiltak vi alt har høyrt om frå kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun. Tiltak som svært mange no ser fram til.

Eg kunne likevel kjenna på ei slags mistru då statsministeren tala om dette. Ikkje fordi eg ikkje trudde på det han sa. Eg ser for meg at det alt ligg pengar og planar om ein såkalla tiltakspakke som skal koma. Eg trudde også på den gode viljen og ønskjet han, regjeringa og mange andre har når det gjeld ny satsing fordi det er på høg tid.

Kvifor sat eg der likevel med skepsis og mistru? Truleg fordi eg stadig får inntrykk av at politikk handlar om tiltak i høve statistikkar og mindre om grunnleggjande og heilheitleg analyse av samfunn. Truleg også fordi tiltaka handlar meir om å løysa eit problem enn om å ha inderlege visjonar og grunnleggjande ideologi om kva slags heilskap ein ønskjer og kva tiltak ein må ha for å få dette til. Personfokus og kortsiktige tiltak har kome i staden for dei grunnleggjande diskusjonane.

Verdien av barndommen

Hva kan vi vente oss av barn på ulike alderstrinn, vart eit sentralt spørsmål på 1950-, 60- og 70 talet. Boka med denne tittelen, skriven av Åse Gruda Skard, vart utgitt som ei av fleire småskrifter av Sosialdepartementet. Verdskrigen og arven etter Sigmund Freud hadde medverka til auka interesse for utviklings- og sosialpsykologi. Kunnskapen om verdien av barndommen gjorde at både barnehagelærarar og lærarar fekk merksemd og høg status. I denne skulen fekk dei kreative og estetiske faga stor plass. Praktiske fag og barnelitteraturen fekk ny merksemd. Eg trur at det var ei god tid for både borna og pedagogane trass enkelte uheldige forsøk som også vart gjort i den perioden.

Kvar vart det av freden i lesestundene, samtalen, teikninga, skapinga og songane?

Kva skjedde så? Økonomi vart det overordna kravet for borna sine liv. Thatcherismen kom inn med effektiv læring. Læarane skulle målast gjennom tett oppfølgjing og vurdering slik elevane også skulle målast gjennom læringsmål og testar. Elevane fekk urimelege rettar til å forhandla/protestera i høve både karakterar, systemet vart ikkje godt for lærarar som kom i skvis, men heller ikkje for god undervisning/ opplæring for elevane.

Kvar vart det av freden i lesestundene, samtalen, teikninga, skapinga og songane? Kvifor blir 10 minuttar pr dag med lesing lansert av nokre som eit snutiltak for lesinga? Det høyrest like effektivt ut som ei skei med tran. Bør vi ikkje heller sjå på våre eigne lesevanar og den statusen vi gjev lesinga? Er vi gode modellar? I ei tid vart furuborda for felles arbeid, lekselesing og bollebaking erstatta med effektive kjøkenøyar. Bokhyller vart kasta og inn kom minimalistisk interiør og skjermar som synte fram skinnmagre modellar og influensarar som rådgjevarar. Lesing og opplæring er også heimane sitt ansvar.

Ein vond spiral

Treng vi ny start? Kan vi henta fram att allmenn debatt om oppvekst? Kva med å sjå til sides frå budsjetta og starta i den andre enden med borna? Kva skal til for at dei skal få god start og trygge, optimistiske vaksne kring seg i barnehagen? Kva skal til for at born skal ha omsorgsfulle og kunnskapsrike lærarar som likar jobben sin? Det finst mengder av gode og flinke folk i norsk arbeidsliv, men det er noko med haldningane og vilkåra som gjer at dei unge helst ikkje vil bli pedagogar og omsorgsarbeidarar. Eg kjenner nokon og høyrer om mange som ikkje kunne klara presset i barnehagen på grunn av manglande personell og dermed også ein vond spiral av aukande sjukefråvær. Korleis kan ein gje barnehage- og lærarutdanninga ny status?

Lærarutdanninga treng omstilling. Eg trur på ei solid fagleg grunnutdanning for allmennlærarar som ikkje krev master eller spesialisering. Eg trur på moglegheit for spesialisering i t.d praktisk, estetiske fag i tillegg til lærarutdanninga. Det bør og vera karakterkrav for å ta høgskuleutdanning.

Skapingsgleda

Truleg er manglande arbeidskraft på golvplanet ei av årsakene til at folk flyktar frå desse viktige yrka. Innføringa av sjefsgrupper og dokumentasjonskrav har teke skapingsgleda og økonomien vekk frå førstelinja. Lærarane må få tilbake visjonane og gleda ved opplæringa. Det betyr ikkje at dei skal sitja med dagleg utforming av lærestoff og lokale læreplanar. Læreplanane og lærestoffet/ lærebøkene bør alt vera lagt til rette av kunnskapsrike utval frå staten si side. Her må både visjonar og innsikt og progresjon vera godt integrert. Lokal variasjon og tilleggsstoff er det likevel rom for.

Eksistensen vaklar om ein ikkje har ein sterk idè, skal Freud ha uttalt. Manglar vi dei heilskaplege og gode visjonane/ diskusjonane kring verdien av arbeidet med born, oppvekst og utdanning? Det kan jo ikkje berre handla om løn når ein velgjer bort desse yrka. Trivsel, kjensle av glede og optimisme og trygge, integrerte læringsmiljø må vera minst like viktig. Og borna er då det viktigaste vi har. Dei representerer sjølve trua vi kan ha på framtida.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Mer fra: Verdidebatt