Førjulstida er komen. Handelsstanden gler seg. Kan hende gler folk flest seg. Mange gruar seg. Vi går inn i tida der det meste skal glitre. Utelysa skal skine, juletreet inne skal skine, kalendrar skal ordnast, helst med pakkar som kvar for seg gjerne kunne vore julegåver til mange. Som om foreldre ikkje har nok med kalendrar til barna, skal dei ordne meir eller mindre eksotiske kalendrar til sin partnar. Det kostar å vere med på det vi vert oppfordra til frå alle hald: julebord, konsertar, julegåver, julepynt, julemat, nye klede … lista er lang.
Samtidig vert bileta frå ei anna verd stadig sterkare og vondare. Krig, sult, lemlesting, død – i eit omfang det er umogeleg å ta heilt og fullt innover seg.
Glede er gratis
Midt i dette skal vi leve vår kvardag, også i førjulstida. Kvar dag formidlar vi våre verdiar, enten vi gjer det slik eller slik. Å vere medviten om dette gjev oss eit val.
Alt vi gjer, kan koste. Men ikkje alt treng å koste pengar.
Adventsglede er gratis. Det fine med den, er at gleda vert større når den delast. Og ja, vi treng glitter, særleg i mørketida. Det aller finaste glitter er når menneske sjølv glitrar. Det kan vere lettare enn du trur. Å vere raus. Raus med tid. Raus med ord. Venlege ord. Bekrefte menneske som strevar. Ta ein ekstra telefon til dei du bryr deg om. Gje åtte minutt var oppfordringa i samband med Verdensdagen for psykisk helse i år.
Det gode treng sjeldan utstillingsplass
Dele raust
Den aller viktigaste faktoren for eit godt liv er gode relasjonar. Vi veit det. Dei fleste er samde i det. Men så skjer noko rart i denne førjulstida. Vi snevrar oss lettare inn mot familien og dei næraste venane.
I år kan vi gjere annleis.
Vi kan dele raust av det som bringar fram glitteret både hjå den som gjev og den som tek i mot. Det er godt å vere den som kan gje. Kunsten er å gje passe. Vere medveten om korleis ein formidlar ei gåve. Enten det er ein ting, ei oppleving, gode ord eller anna. Delar ein kakebaksten med andre, kan ei smakestund med kaffi og prat vere vel så mykje verdt enn sjølve kakene. Samvær lyser opp i mørke dagar.
Vi kan og minne kvarandre på at det hjelpar lite å legge ut all vår eigen godleik og vellukka gjeremål på sosiale media. Det gode treng sjeldan utstillingsplass. Det treng berre å bli gjort.