Eg skal ikkje legge skjul på at denne kronikken har blitt til fordi eg er dritlei. Lei av Trump, lei av å høyre at Trump er svaret på utfordringane menn møter, at han er svaret på det dei konservative treng. Ja, ver så snill, ver flink pike og set deg ned og forstå.
Men nei, eg vil ikkje forstå eller sitje pent og pynteleg og lytte til dei som kjem med unnskyldningar overfor det som snart blir verdas mektigaste mann.
Eg vil bli høyrt, og eg vil at dei som meiner at ein president som snakkar om kvinner som bruk og kast-varer «har nokre poeng», skal høyre på kva eg har å seie.
Det manglar ikkje på dommedagsprofetiar og problemskildringar om kor negative utviklinga for menn har vore og er. Mykje av det som blir sagt er riktig. Til dømes trur eg me må sjå på utdanningssystemet vårt og om stillesitjing, fleire timar og mindre leik har påverka gutar spesielt negativt. I tillegg er det problematisk at Likestillingslova potensielt hindrar kvotering av menn til kvinnedominerte yrke. Begge desse utfordringane skreiv Mannsutvalet bra om i sin rapport.
Når ein føler at systemet sviktar, må ein ta ansvar for kor ein leiter etter svar
En populistisk debatt
Problemet oppstår likevel når ein del, særleg menn, snakkar som om dei alle berre er offer for samfunnsutviklinga, at dei berre sit der og ser på at sjansar og potensiale sakte svinner hen og maskuline verdiar går tapt. Dette ser me blant anna når ungdomspolitikarane skal forklare kvifor 47 prosent av unge menn i ei undersøking sa at dei ville ha stemt Trump. Utviklinga har rett og slett gått dei i mot.
Men når ein føler at systemet sviktar, må ein ta ansvar for kor ein leiter etter svar. Det verkar som om litt for mange trur det svaret ligg hos sterke menn og høgrevridde sosiale medium-profilar, og dermed blir òg historia frå desse personane gjenfortalt og brukt i den offentlege debatten.
Debatten som har oppstått om unge menn og deira politiske ståstad har eit sterkt preg av populisme. Då meiner eg ikkje populisme som i at det er populære meiningar, men som i at det blir sett opp motsetningar mellom eit «reint» folk på eine sida og ein «korrupt» elite på den andre sida. I dette tilfellet er dette dei unge mennene som er folket og som tilsynelatande har blitt undertrykt av ein feministisk venstreelite. Dette trass i at det har vore fleire NOU-ar, stortingsmeldingar og ekspertpanel som har sett på utfordringa dei siste førti åra.
Den sterke mannen
Dette er ikkje nye idear. Me har høyrt det frå Victor Orbán i Ungarn lenge at feministar er ein del av eliten. Vladimir Putin har sett på feminisme som ein vestleg ide som trugar russiske verdiar og det russiske folket. Dei seinare åra har Donald Trump kome med stadige drypp om kor sterkt han misliker svake kvinner og kor mykje han elskar sterke menn, og noko av det som blir trekt fram appellerande med Trump er at han seier rett ut det «alle» eigentleg meiner.
Akademia har følgt opp med Jordan Peterson som på mange måtar har bidrege til å legitimere ideane til populistar som Orbán i ein langt større del av befolkninga. No ser me at ein ny generasjon av politikarar, som franske Jordan Bardella og tyske Maximilian Krah, nyttar seg av sosiale medium for å føre det Skjalg Stokke Hougen i Civita kallar ein «fordekt kulturkrig».
Alt for mange gonger høyrer eg ‘likestillinga har gått for langt’
Den sterke mannen er tilbake, denne gongen både som president og gjennom TikTok, Instagram og andre kanalar. Og alt for mange menn ser ut til å flokke seg rundt desse profilane, tar til seg det dei seier, les, lyttar og ser. Dei blir påverka rett og slett, om det er medvite eller ikkje.
Dette er kanskje kontroversielt å seie, for ein del av dei som forfektar «det er synd på unge menn»-synet ønsker å framstå som nytenkande intellektuelle som på eiga hand har klart å kome opp med både problemskildring og løysing. Dette stemmer ikkje. Alt kjem frå ein plass.
Macho-TikTok
Og når ein ser til macho-TikTok og mannsjåvinistiske presidentar for svar, er det eit problem for den norske debatten og for norsk politikk. For kva er det eigentleg som skal endrast, og kva vil desse endringane ha å seie for norske kvinner?
Eg merkar allereie at noko har endra seg. Eg har byrja å sjå meir kritisk på meg sjølv og kva eg meiner om kjønnsroller. Sjølvkritikk kan vere bra, men når eg les om likestilling og feminisme og ubevisst kategoriserer det som noko gammaldags, viser det at ingen av oss er immune mot påverkinga frå sosiale medium og kultur- og identitetsdebatten.
Altfor mange gonger høyrer eg «likestillinga har gått for langt». Javel, men kor tid bikka det over? Kor tid var det perfekt balanse? Eg er redd for at svaret er at me må tilbake til ei tid kor kvinner hadde langt dårlegare livsvilkår enn me har i dag.