Verdidebatt

Håpefullt og skuffande lovforslag om abort

NY ABORTLOV: Mange av dei vanskelege verdispørsmåla og dei medisinske utfordringane vil kome også før veke 18.

Eit forslag til ny abortlov er lagt fram. Det er kome ny medisinsk kunnskap og nye spørsmålsstillingar på dei femti åra sidan sist vi fekk ei abortlov. Men eit hovudspørsmål står også no i fokus: Korleis skal omsynet til fosterets rettsvern vegast i forhold til kvinna sin autonomi?

Den medisinske utviklinga gjer at ein kjem meir i kontakt med spørsmålet om når eit foster er levedyktig. På den andre sida må ein ha lovreguleringar som sikrar kvinna tilgang til legal og forsvarleg abort. Spørsmålet vert ikkje om, men korleis dette skal henge saman, uansett kva ein meiner om saka.

Olav Fykse Tveit, preses i Den norske kirke, Olavsfest 2024

Det nye lovforslaget flyttar dette balansepunktet og opnar for mange fleire seinabortar med alle dei komplikasjonar det inneber. Å rekne med at det ikkje vert fleire seinabortar ved å flytte på grensa, er vel ein heit urealistisk premiss.

Lovforslaget tar ikkje nok omsyn til dei store endringar i fosterets utvikling i perioden mellom 12 og 18 veker, noko som påverkar situasjonen for kvinna, fosteret og for dei som skal utføre aborten. Fleire sakkunnige har peikt på dette. Det opnar til dømes for abort basert på kjønn og eit større press mot å ta abort ut frå kromosomavvik.

Det er framleis foreslått nemndbehandling etter veke 18, så behovet for at andre er med i vurderinga på eit visst standpunkt før levedyktig alder, er erkjent også i lovforslaget. Men mange av dei vanskelege verdispørsmåla og dei medisinske utfordringane vil kome også før veke 18.

I høyringssvaret peikte biskopane behovet for å endra på nemndene

Kompromiss

I høyringssvaret til regjeringa sitt forslag peikte vi som er biskopar i Den norske kyrkja på eit mogeleg kompromiss. Dersom ein likevel går frå 12 til 18 veker, finst det andre alternativ til å ta bort nemndene enn det nye forslaget med å overlate kvinna heilt til seg sjølv med absolutt alle vurderingar om kva ein abort inntil 18 veker inneber.

Difor foreslo vi at dersom ein likevel flyttar grensa, måtte det vere både ein rett til å få, men også ei obligatorisk kvalifisert informasjon og vegleiing når ein ønskjer abort etter veke 12. Kvinna må uansett stå for det valet ho gjer. Informasjon og vegleiing tek ikkje bort kvinnas autonomi, noko som er eit sentralt argument for utvidinga avgrensa. Dette styrkjer også det aukande rettsvernet for fosteret i perioden 12 til 18 veker.

Men den beste og den enklaste reforma synest likevel å vere å behalde dagens grense, men å sjå korleis ein kan forbetre ordninga med nemndene slik at den ikkje verkar nedverdigande eller stigmatiserande. I høyringssvaret peikte biskopane behovet for å endra på nemndene.

Det er viktig at kvinna ikkje blir overlate for seg sjølv når ho vurderer eller har gjennomført abort. At regjeringa legg opp til å følgje anbefalingane frå abortutvalet om å styrke retten til å få informasjon og rettleiing er difor ei sterk forbetring i det nye lovforslaget.

Den foreslåtte formålsparagrafen stadfestar at lova skal sikre respekt for det ufødde liv. Den innfører også ein svært viktig rett til å fullføre svangerskapet.

Det er urovekkjande at regjeringa ikkje lyttar til ekspertane

Lytt til ekspertane

Det er også viktig å sjå nøye på samanhengen mellom abortgrense og fosterdiagnostikk. Fosterdiagnostikk kan avdekkje tilstander ved fosteret som ikkje er foreinleg med liv, men gjev også innsikt i andre eigenskapar ved fosteret vi vil åtvara om som gyldige grunner for abort, blant anna kjønn. Dei kristne og humanistiske verdiane om livets ukrenkelege verd er under press i eit samfunn og tid som i større grad enn tidlegare vektlegg prestasjon og suksess. Vi kan frykte at kombinasjonen av utvida sjølvbestemt abort og rask medisinsk teknologisk utvikling forsterkar denne tendensen.

Det er utfordrande at den nye lova heller ikkje gjer eit skilje mellom det å avslutte eit svangerskap og det å redigere eit. Å setje fostertalreduksjon på lik linje med anna abort går også på tvers av tilrådinga frå fleirtalet i abortutvalet. Ein viktig dimensjon i dette er det medisinske, men vel så viktig er det relasjonelle og etiske. Det er urovekkjande at regjeringa ikkje lyttar til ekspertane, der fleirtalet også gjekk inn for obligatorisk vegleiing i ein slik situasjon.

Oppgjer

Biskopane i Den norske kyrkja tok i 2019 eit oppgjer med ei kyrkjeleg haldning som ikkje i stor nok grad hadde anerkjent kvinna som ei sårbar part ved spørsmål om abort. Ein har erkjent at kyrkjelege stemmer har stigmatisert kvinner som tar abort, og at kyrkja og samfunnet ikkje har støtta nok dei som ber fram eit barn med større utfordringar enn for alle.

Ein har også erkjent at det er betre å leve i eit land der det er legalisert abort, enn der dette skjer på ulovleg og livsfarleg vis. Erkjenninga er også at den grensa som vart sett i 1974 på 12 veker, gav ein bra balanse, sjølv om det var stor motstand mot den for femti år sidan, og det heller ikkje var klare medisinske grunnar for den.

Noreg kjem truleg til å få ei ny abortlov. No gjeld det å ikkje gå for langt i ein ny reform av lovgjevinga. Dei mest sårbare i denne tematikken kan verte endå meir sårbare.

Mer fra: Verdidebatt