Verdidebatt

Vestland, framleis sentralt for utvikling av demokrati og verdiar

KRISTENRETTEN: Norge er inne i ei feiring av demokratiet og kristenretten som skal vare over fleire år. Men som før, og trass i styresmakter som meiner det er «vanlege folk» sin tur, så er det kongane si historie som vert feira.

Korleis kan ein elles forsvare at det er Slaget på Stiklestad som blir bygt opp som det store punktumet for feiringa og gitt plass i ein regjeringsplattform? At ein feirar ein krig, eller eit bakhaldsangrep, meir enn det revolusjonære lovarbeidet som fann stad både på Gulatinget kring 900, på Moster i 1024 og med Landslova i Bergen i 1274?

Er det fordi historia vår frå den tida i stor grad bygger på Snorre si saga, som er det ho gjev seg ut for å vere; ein Kongesaga? Er det farga av førkristen historie der ingen kom til Valhall om ein ikkje døydde i krig, og det verste for eit menneske var å døy av sjukdom? Det var i alle fall få kvinner i den himmelen.

Trude Brosvik
2. kandidat for Sogn og Fjordane KrF

Ei viss likeverd

Oppbygginga av demokratiske lovar skjedde sjølvsagt ikkje i eit vakum. På Gulatinget, som først var eit Allting og seinare vart eit Representasjonsting, var det berre dei som eigde land som hadde stemmerett. Men likevel var det ei stor endring i si samtid, for også kvinner kunne ha stemmerett om dei var jordeigarar. Likevel; det vi ser på som viktige demokratiske verdiar som likeverd og allmenn stemmerett, var det ikkje. Men det vi kan merke oss er at det var det heller ikkje i 1814, då vi fekk grunnlova vår. Endringa fram til då var forbausande lita. Allereie på Gulatinget vart det gjort tiltak for å styrke ei viss likeverd for å kome til tings. Det vart innført «reisepengar», slik at alle skulle ha same sjanse til å kome til tings. Den ordninga har vi endå.

1000-års jubileet for kristenretten har gjeve oss høve til å bli betre kjende med kor viktig denne var for utviklinga av eit rettssamfunn, eit velferdssamfunn. Kva har det seg at denne har fått så liten plass i historieformidlinga? Har Ole Petter Erlandsen rett då han skuldar på at reformatorar og dansketida ville at vi skulle gløyme alt om Heilag-Olav fordi det ikkje passa inn i maktstrukturane? Var det nasjonalromantikarane på 1800-talet med sine viking-myter og svermeri for det norrøne som prøvde å viske ut det kristne? Eller var det marxistiske historikarar som hadde behov for å stemple kyrkja som handlangar for makta?

«Guds fire døtre»

Dei kristne verdiane som samfunnet vårt bygger på, og som lovverket vårt er sterkt påverka av, kom ikkje under opplysingstida. Det kom i mellomalderen. Og det kom i eit spenn og ein påverknad mellom jødedom, kristendom og islam. Dei fire sentrale verdiane, ofte kalla «Guds fire døtre»; Sanning, Rettferd, Fred og Miskunn, finn ein i Bibelen i Salme 85, vers 11-12. At domar skulle prøvast på alle desse fire var vesentleg for utviklinga av det samfunnet vi har i dag, både demokratisk og innan lovverket, men ikkje minst for velferdssamfunnet. At ein skulle vere både streng og mild på same tid, endra oppfatninga vår av rettferd. Menneskeverd og respekten for individet kom inn i lovene våre.

Det går ei klar linje frå Gulatingslova til Grunnlova

Då eg starta innlegget med at Vestland framleis viser veg, så tenkte eg særleg på eitt vedtak som Vestland fylkesting har gjort. Og det er der ein aktivt går lenger enn staten på å hjelpe dei som har minst, dei papirlause flyktningane våre. Dei lever totalt i limbo, og er langt på veg fråtekne sjansen til å klare seg. Det er ei skam at Norge ikkje fører ein meir human politikk mot denne gruppa. Vestland fylke tar nokre grep for å lette stoda innanfor helsehjelp, transport til naudsynt hjelp og å tilby ledige plassar i skule.

Staten, sjå til Vestland

Dette er å bygge vidare på kristenretten og menneskeverd.

Derfor syns eg staten bør sjå meir til Vestland både for å markere og lære av historia, og for å la seg inspirere til vidare utvikiling. Både Gulating og Moster bør få same status som ein gjev Eidsvoll når det gjeld historia og formidlinga til born og unge. Det går ei klar linje frå Gulatingslova til Grunnlova.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Verdidebatt