Verdidebatt

Ei truverdig tru

TROSFORSVAR: Om kyrkja ikkje presenterer ei truverdig tru for ungdommane som deltek i konfirmasjonstida, vil svært mange av dei gå inn i vaksenlivet utan ei gudstru.

I tett på 40 år har eg jobba med ungdom og tru på grunnplanet i kyrkja. Erfaringa frå dette arbeidet er at ein ganske stor del av ungdommane som melder seg på konfirmantopplegget vårt har som utgangspunkt at kristen tru eigentleg djupast sett ikkje er truverdig. Likevel kjem dei, av og til fordi tradisjon og sosiale forventningar tilseier det, men oftast fordi dei trass alt er nysgjerrige på kva kristen tru er for noko, og i ein del tilfelle også fordi dei sjølv har trus-erfaringar som dei ikkje heilt forstår seg på.

Den beste støtta kyrkja kan gje desse ungdommane er å presentera ei truverdig tru. Dette er bakgrunnen for at me i Ønsket og Elsket, Øvre Telemark prosti sitt konfirmant- og leiartreningsprogram, har valt å fokusera på ei kunnskapsbasert konfirmantundervisning der forskingsbasert kunnskap, erfaringsbasert kunnskap og konfirmanten sin eigen forkunnskap får spela saman. For oss er det viktig at kunnskapen me formidlar skal halde mål reint vitskapleg, anten kunnskapen er henta frå teologien, filosofien eller naturfaga.

Asgeir Sele

I motsetning til det leiarskribenten i Vårt Land ser ut til å meina (VL 25/7), har Ønsket og Elsket, og eg som prost, aldri stått for ein polemisk apologetikk. Me deler oppfatninga til Vårt Land når det gjeld apologetikk som eit relativt smalt interessefelt som berre dukkar opp frå tid til annan. Men erfaringa mi etter å ha jobba med ungdom og tru i snart fire tiår, er at ei undervisning som presenterer ei tru som ikkje relaterer seg til andre fag enn dogmatikk, fort gjer vondt verre. Mitt og Ønsket og Elsket sitt mål er difor å vekkja ungdommane si interesse for dei store spørsmåla og presentera for dei mogeleg svar som kan vera truverdige og berekraftige i møte med vaksenlivet.

Kunnskapen me formidlar skal halde mål reint vitskapleg

Det undrar meg difor å lesa at Vårt Land på leiarplass ser ut til å ta til orde for at forholdet mellom tru og vitskap bør tonast ned i møte med ungdom, til fordel for det konfirmantane til ei kvar tid er mest opptekne av.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Verdidebatt