Verdidebatt

Løft fram sivilsamfunnsorganisasjonane i Israel og Palestina!

FREDSARBEID: Når krigen rasar er det naturleg at fokuset vert på konfliktlinjene. Men vi treng også å høyre om israelarar og palestinarar som går saman for å skape ei betre framtid.

Krigen mellom Hamas og Israel har sett mange kjensler i sving. Det som likevel synest å vere ein raud tråd uansett kor sympatien ligg, er at mange skriv om hindra som ligg i vegen for at israelarar og palestinarar kan ha ein fredeleg sameksistens.

No mens krigen rasar er det naturleg at fokuset vert på konfliktlinjene, men vi treng å høyre dei supplerande narrativa òg. Narrativa om israelarar og palestinarar som går saman for å skape ei betre framtid. Dei som held fast på ikkje-vald som ein strategisk framgangsmåte for å nå politiske mål. Eg saknar rett og slett det israelsk-palestinske sivilsamfunnsperspektivet.

Ragnhild Stav, diakon i Den norske kyrkja, nestleiar i Vestland KrF

Combatants for Peace

Det var nettopp trangen til å finne nokon som sa at det går an å ha ein fredeleg sameksistens, som gjorde at eg fann fram til den israelsk-palestinske fredsorganisasjonen Combatants for Peace. Noko av arbeidet dei gjer, er å halde ein årleg «The Joint memorial day ceremony», som eit alternativ til den israelske varianten «memorial day». Den israelske «memorial day» har fokus på falne soldatar og folk som har vorte offer for terrorisme. Combatants for Peace skriv om seremonien:

«The Joint memorial day ceremony» utfordrar narrativet om at krig og død er uungåeleg ognødvendig. Istadenfor er «joint memorial day ceremony» ein unik moglegheit for israelarar og palestinarar til å sørge ilag og til å stå saman om å kreve ein slutt på blodbadet. Ved å sørge ilag, prøver vi ikkje å sette likheitsteikn mellom opplevingane våre, men heller å omgjere fortvilelse til håp og bygge medfølelse rundt vår felles menneskelighet.

Ved å seie konsekvent nei til vald som metode, kan ingen skulde dei for å støtte Hamas eller den noverande regjeringa.

Ofte vert det ein konkurranse om kven som fortenar sympatien vår, og kven som har rett til å bruke vald for å oppnå politiske mål. Ved å seie konsekvent nei til vald som metode, kan ingen skulde dei for å støtte Hamas eller den noverande regjeringa. Samstundes viser dei, berre ved å eksistere som organisasjon, at israelarar og palestinarar kan ha felles visjonar for ei fredeleg sameksistens.

Grip sjansen, Vårt Land!

Eg har høyrt fleire snakke om at det ikkje må vere slik at Israel-Palestina konflikta er som å heie på eit fotballag, enten heiar du på Israel eller så heier du på Palestina. Det er viktig å påpeike det, men ein må gå endå lenger. Ein må synleggjere nettopp slike organisasjonar som Combatants for Peace, som skaper gode visjonar for begge nasjonane, tufta på verdiar som rettferd, likskap og fridom.

Mitt håp er at vi ikkje berre driv med analyse av utviklinga i Israel og Palestina, men at vi òg løftar fram alt det gode arbeidet som allereie vert gjort. 1. juli vert det arrangert ein fredskonferanse i Tel Aviv, der organisasjonar som Combatants for Peace og Parents Circle-Families forum er nokre av medarrangørane. Fint om nokre media plukkar opp tråden. Vårt land: her har de sjansen!

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Verdidebatt