Verdidebatt

Noreg treng ei bistandsreform

BISTAND: Vi må tenkja nytt rundt korleis vi skal bruka dei potensielt viktigaste milliardane våre på statsbudsjettet.

Aldri før har det vore eit større gap mellom globale behov og tilgjengelege bistandsmidlar. Tal frå Uppsala universitet viser at det aldri har vore fleire væpna konfliktar enn i 2023. Over ein milliard fleire menneske bur i land i konflikt enn for 20 år sidan.

Samtidig som dei humanitære behova aukar, står vi overfor ein klima- og miljøkrise med globale mål som heng i ein stadig tynnare tråd. Som om det ikkje var nok, har fattigdomsreduksjonen dei siste åra stagnert, og det er estimert at 600 millionar menneske framleis vil leva i ekstrem fattigdom i 2030.

Spreidd tynt utover

Desse tala er nedslåande. Likevel har Noreg både eit moralsk ansvar og eigeninteresse i å løysa desse utfordringane. Ein viktig del er å halda oppe 1 prosent av inntekta vår til bistand.

Samtidig må vi spørja oss om korleis vi kan bruka ressursane våre endå meir effektivt. I Venstres førsteutkast til nytt stortingsvalsprogram, foreslår vi fleire endringar for norsk bistandspolitikk.

Mellom anna foreslår vi å konsentrera Noregs innsats om nokre få mål og innsatsområde. I dag er nemleg norsk bistand spreidd tynt utover. Dermed får vi mindre ut av ressursane våre, og ikkje bygd opp ein ordentleg spisskompetanse.

Noreg kan trass alt ikkje gjera alt samtidig. Då må vi prioritera områda der vi kan utretta størst mogleg forskjell med dei avgrensa ressursane våre.

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn opplyser at regjeringa har auka støtta til batteri på skip kraftig i år. Arkivfoto: Torstein Bøe / NTB / NPK

Todeling

Venstre foreslår også ei todeling av bistandsbudsjettet, slik Sending-utvalet og Norad-direktøren har teke til orde for. Det handlar om at det bør skiljast tydelegare mellom ressursar for å redusera fattigdom på den eine sida, og ressursar for å løysa globale utfordringar som klima, pandemiberedskap og reine hav på den andre sida. Medan førstnemnde først og fremst kjem utviklingsland til gode, vil ressursar til sistnemnde også gagna oss sjølv.

Det krev ulike framgangsmåtar. Dermed vil ei todeling bidra til færre målkonfliktar og ei meir strategisk tilnærming.

Eit anna viktig grep Venstre foreslår er å inkludera utgreiingsinstruksen for norsk bistand. Det kan høyrast teknisk ut, men kan potensielt vera eit av dei viktigaste tiltaka for å gi meir effektiv bistand.

I dag er bistanden det tilnærma einaste området i staten som ikkje er omfatta av utgreiingsinstruksen. Det betyr at store pengar kan bli brukt utan ei vurdering av alternative tiltak. Det er alvorleg all den tid det er store forskjellar på kor godt ulike bistandstiltak fungerer. Og når bistanden ikkje er like effektiv som dei kunne ha vore, er det verdas fattige som betaler prisen.

Samtidig er det ei kjensgjerning at offentlege budsjett ikkje vil løysa utfordringane i verda på eigenhand. Derfor er det behov for langt større private investeringar. Dette kan norsk bistand bidra til.

Gjennom statlege garantiordningar kan Noreg mobilisera store summar privat kapital til utviklingsland. Der vegrar fleire seg for å investera på grunn av den høge risikoen.

Det er ingen annan budsjettpost som kan påverka så mange menneske og skapa så mykje velferd per krone

Kan vera dei viktigaste milliardane?

Venstre foreslår også å auka finansieringa til både Norfund og Klimainvesteringsfondet. Det er to effektive verktøy for å redusera fattigdom og kutta klimagassutslepp, og som kan bidra til å utløysa andre private investeringar. Resultata taler for seg sjølv. På berre eitt år hindra Klimainvesteringsfondet meir utslepp enn Noreg har kutta på 33 år.

Sjølv om norsk bistand kanskje ikkje er så betydeleg i den store verda, betyr den svært mykje for mottakarane. Faktisk kan det vera dei viktigaste milliardane vi bruker på statsbudsjettet. Det er nemleg ingen annan budsjettpost som kan påverka så mange menneske og skapa så mykje velferd per krone.

Då må vi sørgja for at dei blir brukte best mogleg.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Verdidebatt