Verdidebatt

Grunnar til ikkje å avkriminalisere narkotika

RUS: Ein høyrer folk seie at «når til og med Tyskland har legalisert cannabis kan det ikkje vera så farleg». Då blir eg opprørt og irritert.

Eg kjenner personleg menneske som har fått store psykiske problem på grunn av bruk av cannabis, og konsekvensane er brutale. Ein høyrer folk seie at «når til og med Tyskland har legalisert cannabis kan det ikkje vera så farleg». Då blir eg opprørt og irritert. For realiteten er noko heilt anna.

Portugal, Italia, Tsjekkoslovakia, Argentina, Thailand. Kva har desse landa til felles? Dei er nokre av landa som har avkriminalisert eller legalisert narkotiske stoff som cannabis og marihuana, i større eller mindre grad. Når Tyskland, vår nære nabo, også har blitt med i gjengen etter legaliseringa av cannabis 1. april 2024, er det ikkje rart at spørsmålet blir stilt om kanskje Noreg skal bli med på dette.

Helsefarleg

Forslag om å avkriminalisere narkotika i større eller mindre grad har fått stor støtte blant unge. Men det er også mange gode grunnar til kvifor me ikkje burde legalisera eller avkriminalisera nokon som helst form for narkotika.

Ungdommar som sliter vil sjå på det som ‘ein pause’ frå kaoset rundt seg

Narkotika er helsefarleg, det er det ingen tvil om. Ein studie frå New Zealand viste at menneske som starta å røyke mykje marihuana i tenåra, også mista IQ-poeng. Dei tapte mentale kapasitetane kom ikkje tilbake.

Arn David Rosvold

Psykisk helse og cannabis

Ei innvending kan vere: Avkriminalisering og legalisering av narkotika gjeld vel berre for myndige folk? Ja, det gjer det, men du vera myndig for røykt, drikka alkohol og snusa også. Det hindrar ikkje ungdomsskule- og vgs-elevar i å få tak i røyk, snus og alkohol – det veit jo alle.

Så kva er det som hindrar at denne «porteføljen» utvidast til å inkludera cannabis viss ein skal gjera det meir tilgjengeleg? Skular har allereie masse problem med narkotika sjølv om det er ulovleg. Det er ikkje realistisk å tru at ein kan hindra økt bruk av narkotika i skulen viss ein gjer det meir tilgjengeleg i samfunnet.

Det er ein stor samanheng mellom psykiske helse og inntak av cannabis. Det viste eit studium publisert av Cambridge University Press. Dei fant ein korrelasjon mellom cannabisbruk og utvikling av sterk psykisk sjukdom.

Det er oss ungdommar som kjem til å bli mest eksponert for dette. Det er me som er dei mest sårbare for dei alvorlege konsekvensane

Ungdommen slit meir og meir med psykiske plager. Ungdommar som slit vil sjå på det som «ein pause» frå kaoset rundt seg, når det eigentleg forverrar situasjonen. Så ikkje berre vil avkriminalisering få fleire folk inn på ventelista til psykisk hjelp, det vil også gjera det verre for dei som er på lista.

Det er bevist at det har negative verknadar på hjernar under utvikling. Ungdommar er dei mest sårbare når det gjeld bruk av narkotika.

Dei mest sårbare

Kor etisk er det å i det heile teke tolerera noko så farleg på marknaden? Kvart år blir liv øydelagt av narkotika, også pratar me om å gjere det lettare for folk å få tak i det? Korleis gir det meining? Kvart tiltak som gjer det lettare å få tak i narkotika eit steg i feil retning.

Det er oss ungdommar som kjem til å bli mest eksponert for dette. Det er me som er dei mest sårbare for dei alvorlege konsekvensane. Noreg må beskytta ungdommen. Meir rus er ikkje det vi spør etter.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt