Verdidebatt

Ein har ikkje greidd å stå i mot ei irrasjonell og profitabel kjønnstru

KJØNNSTEORI: Å gjera roller og uttrykk til noko meir reelt enn kjønn, er ein kognitiv kollaps og reaksjonær anti-intellektualisme.

I ein kronikk der pensjonert biskop Halvor Nordhaug kritiserer det obligatoriske LHBT+-kurset som Den norske kyrkja (DNK) har innført, tilrår han lesing av mi bok Kjønnstru: Kampen om røynda. I eit tilsvar i VL 30.01 imøtegår stipendiat i norsk, Mette Maria Rønsen Gjerskaug, Nordhaugs problematisering av dei nye ideane om kjønn og innføringa av desse i DNK. Ho avviser såleis kritikken mot dette også i boka mi.

Gjerskaug drøftar ikkje Nordhaugs konkrete bekymringar, men vil heller presentera kjønnsforskaren Judith Butlers forvirra og reaksjonære idear om kjønn. Butlers bidrag til verdsforståing blir kritisert i boka mi. Butler påstår at kjønn ikkje er ein realitet, men noko konstruert, og at kjønn såleis er det me menneske bestemmer at det er, gjennom gjentatte handlingar. Eg studerte Butlers tekstar på 1990-talet og frametter, og har utfordra kjønnsforskarar på korfor me skulle opphøga denne dårlege tenkaren til autoritet på kjønn.

At akademikarar, politikarar og media har omfamna dette, viser at me manglar samfunnsberedskap mot ideologisk overtaking

Kvinnekjønn er ikkje ein parykk

Butler har med sine tekstar ein øydeleggande effekt på mange folks fornuft. Sjølvsagt er ikkje kjønn noko me gjer, som opphevar kva me er. Då skulle i så fall alt i verda bare finnast som performativitet, og det veit me jo ikkje er tilfelle. Kvinnekjønn er faktisk ikkje ein parykk menn tar på når dei vil leva ut fetisjar eller visse kjensler, og mannekjønn er faktisk ikkje syntetisk framprovosert skjeggvekst hos kvinner. Dette er kjønnsuttrykk, som Nordhaug korrekt påpeiker, og viktigare: det er uttrykk basert i stereotype forventningar til kjønn. Å gjera roller og uttrykk til noko meir reelt enn kjønn, er ein kognitiv kollaps og reaksjonær anti-intellektualisme.

Manglar samfunnsberedskap

Men der er altså Den norske kyrkja, og resten av makta i samfunnet vårt. Ein har ikkje greidd å stå i mot ei irrasjonell, og profitabel kjønnstru, som er ein hån mot folks sansing og fornuft, mot kvinners rettar og barns krav på vern. At akademikarar, politikarar og media har omfamna dette, viser at me manglar samfunnsberedskap mot ideologisk overtaking. At Den norske kirke trur dei må vera med på kjønnstrua, viser dogmatisk likskap med Human-Etisk Forbund.

Eg oppfordrar VLs lesarar å gå til kjeldene – til såkalla kjønnsteori, til lovtekstane me har fått basert på dette, til skulens lærebøker, og samanhalda dette med logikk og etablert vitskap. Boka mi kan nyttast som vegvisar. Men framfor alt: den viktigaste vegvisaren har folk sjølve, nemleg eiga evne til tenking og sansing. Det er synd Den norske kyrkja krev at folk skal måtta avsverja dette.


Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt