Verdidebatt

Ut av sorgas ingenmannsland

SJØLMORD: Pilegrimsvandring for etterlatne etter sjølvmord kan opne vegen frå ingenmannsland til fellesskapet.

Sidan 2012 har RVTS Sør, kyrkja i Agder og Telemark og LEVE – Landsforeningen for etterlatte ved selvmord hatt eit samarbeid om ei årleg pilegrimsvandring for etterlatne etter sjølvmord. Ønske har vore å gje etterlatne etter sjølvmord eit annleis tilbod. Vandring gjev langsam tid og det korresponderer godt med sorg. Ord og kjensler treng tid.

Metodikken er enkel. Me snakkar eller let vere. Minst mogleg krav. Mest mogleg venlege stemmer og andelet. Heller ikkje vegen skal vera for fysisk tung. (Sjølv om det blir tre mil på to dagar).

Fra venstre: Øyvind Dåsvatn, spesialrådgiver i RVTS Sør og Eilev Erikstein, prostidiakon i Vest- Telemark

Å røre seg gjer noko med praten

Psykiater Tom Andersen (1936-2007) skapte omgrepet reflekterande team, som har blitt ei vasskilje i mykje terapi. Bakgrunnen var at terapispråket handla for mykje om patologi. Utfordringa er å hente fram ressursane kvar menneske har.

Vandring for Forandring er dagar i eit slikt reflekterande team, der man kan lytte, snakke og gje tilbakemeldingar. Under Vandring For Forandring lagar ein nye nettverk. Somme er fagfolk, medan dei andre deltakarane er ekspertar på litt av kvart, og i alle fall sorg. I lag med naturen blir me som reflekterande team.

Professor i psykoterapi, Jakko Seikulla, er eit annan namn, som har inspirera oss. Han er oppteken av kvardagsspråket i samband med psykoseutbrot. Då samlar han gjerne heile nettverket, snakkar enkelt og greitt, og kler røynslene i kvardagslege ord.

Under Vandring for Forandring er det nettopp kvardagsspråket som rår. Å røre seg gjer noko med praten. Ofte må ein minimere med orda, eller opplever at nokre ord flyg bort med vinden. Andre gonger sit ein stille og lyttar til sildringa i ein bekk. Å tie i eit fellesskap, i møte meg eigne tankar, gje ein ei kjensle av at ein har sagt noko. Fordi ein anna sette presise ord på det ein tenkte.

Ødemarkens menn

Dei fire siste fire år har Vandring For Forandring vore ei tilbod berre for menn. Dette kjem og av at fagfolk peiker på menn som ei gruppe som ekstra sårbare, som etterlatne.

I ein kronikk i Aftenposten 2.12.16, skriv Torgeir W. Skanke om menn og sorg. Om utfordringa med å sette ord på det som er vanskelege å snakke om:

«Ødemarken kan være et ypperlig sted å bearbeide egen sorg på, men lite egnet for å støtte andre hvis disse befinner seg i byen. Menn mangler trening i dele de vanskelege følelsene med andre, og strever med sorga alene i sorga sitt ‘ingenmannsland’. Vi menn trenger å erobre dette siste ‘ingenmannsland’ og lære oss å beherske språket. Ingen andre kan gjøre det for oss – vi må tråkke opp løypene selv.»

Vandring for forandring trur me kan vere ein veg ut av dette ingenmannslandet.

Me trur og heier på magiske augneblikk, som me veit at det fins mange av på desse vandringane

Terapivegen

Som bakgrunn for tiltaket støtte me oss på nokre ord av den danske filosofen Søren Kirkegård (1813-55): «Tap for all del ikke lysten til å gå. Jeg går meg til det daglige velbefinnende hver dag og går fra enhver sykdom; Jeg går meg til mine beste tanker, og jeg kjenner ikke en tanke så tung at man ikke kan gå fra den. Når man slik fortsetter å gå, så går det nok.»

Kanskje er det så enkelt som at vandringa gjer at kjensler og tankar lettare finn ord, og gjev høve til ein indre prosess. Ei såkalla tredje samtala. På vandringa går arrangørar, fagfolka og deltakarane om kvarandre. Kven er kven, er ikkje lett å vite. Etter kvart er me som ein kameratgjeng på tur.

Me trur og heier på magiske augneblikk, som me veit at det fins mange av på desse vandringane. Slike stunder, trur me, er med på å opne vegen for vandringa frå til ingenmannsland til fellesskapet.




Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt