Verdidebatt

Kven treng kyrkjas støtte?

KJØNNSIDENTITET: For meg er det særs viktig at akkurat dei som av ulike årsaker slit, opplever å bli møtt med omsorg, kjærleik og respekt i kyrkja.

Eg har ein replikk til oppropet i Vårt Land der helsepersonell spør: «Bidrar Den norske kirke til kjønnsforvirring blant barn og unge?» (VL 16.08.23).

Det er kyrkjas oppgåve å motvirke at menneske er utrygge, opplever stigmatisering og blir utsett for vald. No gjeld det menneske med LHBT+-identitet. Det er tale om ein dramatisk røyndom for mange.

Det som skjedde 25. juni i fjor viser diverre toppen av eit isfjell. Problematikken gjeld i samfunnet generelt, her til lands og endå meir i ein del andre land. Det gjeld også, og diverre ikkje minst, i kyrkjer og kristne forsamlingar.

Det er difor nødvendig å ta nokre val for å gi støtte til dei som kjenner seg utrygge på grunn av den dei er, eller er sårbare menneske i krevjande prosessar for å finne ut av det. Særleg er transpersonar no utsett for sjikanering og stigmatisering.

Kyrkja på Pride

Dette er noko av grunnane til at eg deltok i Pride-paraden i år. Det har eg også gjort greie for i fleire medier. Pride-markeringa i år var ei tid for å samlast om å ta vare på kvarandre i dette samfunnet. Det gjorde vi ved å feire og glede oss over mangfaldet. Eg fekk klare meldingar frå fleire at det betydde mykje for mange at kyrkja og leiarar i kyrkja markerte dette slik nettopp no. Det var eit spesielt alvor over desse markeringane i år, eitt år etter terroren i Oslo som var retta spesielt mot menneske med LHBT+-identitet. I Pride deltek ulike organisasjonar og ulike menneske med ulik ståstad når det gjeld verdisyn, politikk og religion. Eg deltok ut frå min bakgrunn og motivasjon.

Derfor treng kyrkja å lytte og vi treng ny kunnskap frå dei det gjeld, ikkje minst personar med kjønnsinkongruens

Dette biletet av stigmatisering og utryggleik er også ein del av grunnane til at Den norske kyrkja arbeider målretta med at LHBT+ personar ikkje skal oppleve at dei vert diskriminerte i kyrkja. Diverre vil det ta tid før dei som deltek i kyrkjelege samanhengar eller arbeider i kyrkja, opplever seg aksepterte slik dei er. Heile samfunnet kan delta i å skape trygge rom, men Den norske kyrkja har eit spesielt ansvar for det med sine 3,5 millioner medlemmer.

FAFO og Kifo sin rapport frå 2020 (på oppdrag av Kyrkjerådet), «Å være en sak», syner utfordringene ansatte med LHBT+identitet har i arbeidslivet i kyrkja. Kvar femte LHBT-respondent meldte at dei har opplevd diskriminering, og ein av ti har svart «veit ikkje» på spørsmålet.

Omsorg og respekt

Kjønnsinkongruens er eit stort og komplisert tema å arbeide med for kvalifisert helsepersonell med mandat til det. Eg deler omtanken for dei som synest dette er krevjande, og for mange opplevd som nødvendige prosessar å gå gjennom. Det gjeld den enkelte, og familie og andre som står rundt. Difor er det også viktig at dei ikkje vert ein arena for ideologisk og moraliserande strid. Det er mange teikn på at det gjer det endå meir vanskeleg å finne ein trygg identitet og trygge rom å vere seg sjølve i.

Vi må arbeide vidare i vår undervisning med korleis vi formidlar slike verdiar i kyrkja. Vår erfaring med LHBT+kurs for alle tilsette, er at dei har gitt meir kompetanse og er eit bidrag for eit betre arbeidsmiljø i kyrkja.

For meg er det uansett særs viktig at akkurat dei som av ulike årsaker slit, opplever å bli møtt med omsorg, kjærleik og respekt i kyrkja. Derfor treng kyrkja å lytte og vi treng ny kunnskap frå dei det gjeld, ikkje minst personar med kjønnsinkongruens.

Når vi må leve med at vi ikkje er heilt samde om ulike spørsmål som angår LHBT+-temaer, må vi spørre oss sjølve om kven det er som må bere byrdene ved at vi stadig eksponerer denne usemja inn i andre sårbare menneskes liv og deira livskamp.


Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Verdidebatt