Kven treng kyrkjas støtte?

KJØNNSIDENTITET: For meg er det særs viktig at akkurat dei som av ulike årsaker slit, opplever å bli møtt med omsorg, kjærleik og respekt i kyrkja.

KYRKJA PÅ PRIDE: I Pride deltek ulike organisasjonar og ulike menneske med ulik ståstad når det gjeld verdisyn, politikk og religion. Eg deltok ut frå min bakgrunn og motivasjon, skriv preses Olav Fykse Tveit.
Publisert Sist oppdatert

Eg har ein replikk til oppropet i Vårt Land der helsepersonell spør: «Bidrar Den norske kirke til kjønnsforvirring blant barn og unge?» (VL 16.08.23).

Det er kyrkjas oppgåve å motvirke at menneske er utrygge, opplever stigmatisering og blir utsett for vald. No gjeld det menneske med LHBT+-identitet. Det er tale om ein dramatisk røyndom for mange.

Det som skjedde 25. juni i fjor viser diverre toppen av eit isfjell. Problematikken gjeld i samfunnet generelt, her til lands og endå meir i ein del andre land. Det gjeld også, og diverre ikkje minst, i kyrkjer og kristne forsamlingar.

Powered by Labrador CMS