Verdidebatt

«Det blir dårlegare og dårlegare plass for muslimar og kristne i India»

TERROR: Opp mot 100 kyrkjer er brende ned. Tusenvis er jaga på flukt av mobb som utnytta etnisk konflikt i indisk delstat. Verdas mest folkerike land er på farleg veg.

India passerer Kina som verdas mest folkerike land. Men med eit hindunasjonalistisk regjeringsparti, BJP, i spissen, fjernar landet seg frå statusen som verdas største demokrati. Med agenda å gjera India til eit hinduistisk land, går det hardt ut over den grunnlovsfesta trusfridommen.

Det blir dårlegare og dårlegare plass for muslimar og kristne. I to delstatar har vi ferske prov på Indias livsfarlege veg. Der er stammefolk som har valt kristen tru, offer for blodig ekstremisme.

Johannes Morken

I Manipur heilt i nordaust blei opp mot 100 kyrkjer vandaliserte og sette fyr på sist veke. Fleire tusen flykta for livet. Barn skreik i frykt. Menneske ropa til Gud. Videoar viser kyrkjer i brann, endelause rekkjer med brennande bilar og øydelagde hus – og unge menn med gevær på lasteplan. Skotsalver lyder ved kristne gudshus.

I Manipur fyrer ekstremistar opp ein årelang konflikt mellom ulike etniske grupper om økonomiske og politiske rettar. Folkegruppa meithier, som er hinduar, utgjer fleirtalet og har dominert det politiske livet i delstaten. Ein tredel av folket er stammefolk, som har nokre grunnlovsverna rettar til land og politisk representasjon (Scheduled Tribes). Desse er i hovudsak kristne.

Hinduekstremistar og lokal mobb har med våpen og brannbomber utnytta konflikten og sett fyr på delstaten.

Dragkamp om rettar

Stammefolk i India vert ikkje anerkjende som urfolk. Men dei har grunnlovsfesta rettar til land, utdanning og politisk representasjon. I Manipur har meithier-folket kravd å få dei same rettane. Då høgsteretten i april stilte seg på fleirtalet si side, frykta stammefolka at rettane deira vert utvatna. Delstatsregjeringa har alt teke frå dei landområde og gjort mange heimlause.

Den 3. mai var det arrangert ein stor og fredeleg demonstrasjon i den nest største byen Churachandpur og fleire andre stader. Ekstremistisk mobb gjekk laus på demonstrantane. Resten er ei tragisk historie: Minst 35 000 menneske jaga på flukt eller blitt evakuerte. 60 er drepne, over 200 er skadde. Kring 100 kyrkjer kyrkje er sette i brann eller vandaliserte på andre måtar.

Ein indisk akademikar som sjølv er frå Manipur, seier frå Kolkata at stammefolka som demonstrerte, ikkje var budd på krig. Mobben hadde skaffa seg våpenlisensar og våpen.

Hæren greip inn med evakuering av stammefolk, portforbod og stengt internett for å stagga den ufattelege valdsbølgja.

Hindunasjonalismen som vil gjera India til eit hinduistisk land, har hatt dårleg fotfeste i denne samansette delstaten. Men etter at det hindunasjonalistiske partiet BJP kom til makta i Manipur i 2017, har dei polariserande kreftene mobilisert. Dei vil dyrka agendaen med hjelp av meithier-folket.

No brenn kyrkjene. Kristne leiarar ber om at styresmaktene grip inn for å skapa fred og løysa dei underliggjande problema som ekstremistane har utnytta med brannbomber. Fleire lokale kristne leiarar er overtydde om at det er hindunasjonalistisk mobb som har utløyst valden og fyrt opp den etniske konflikten.

Fleire lokale kristne leiarar er overtydde om at det er hindunasjonalistisk mobb som har utløyst valden og fyrt opp den etniske konflikten

Jaga på flukt

Den førre tragedien skjedde i jula, i den sentrale delstaten Chhattisgarh. Væpna grupper gjekk laus på kristne i over 30 landsbyar med stammefolk. Mobben fabrikkerte grunnlause påstandar om pågåande massekonvertering i kyrkjene.

Søndag 19. februar samla 22 000 kristne seg sentralt i hovudstaden New Delhi. Dei ropte ut frykt og protest på grunn av kraftig vekst i målretta hat og vald mot kristne samfunn i seks av dei 28 indiske delstatane.

I fjor dokumenterte menneskerettsgruppa United Christian Forum 597 tilfelle av vald mot kristne. Truleg er det store mørketal. Det var fem gonger så mange som i 2014 då det hindunasjonalistiske partiet BJP kom til makta i India – partiet som frå 2017 også har styrt Manipur.

Dei kristne leiarane som arrangerte demonstrasjonen i New Delhi, formulerte naudropet slik: «Til og med leiande politikarar og medlemmer av ulike ikkje-statlege grupper ropar etter blodet vårt og trugar med å reinsa ulike statar for kvar einaste kristen – barn, kvinner og menn.»

Ekstremistane misbrukar lovene, som knapt har ført til ein einaste dom, til å angripa kristna og skulda dei for ulovleg konvertering

Lover mot konvertering

Eit av dei store problema i India er at 11 delstatar har innført lover som kriminaliserer konvertering. Dei aller lengste straffene gjeld dersom det er stammefolk som vel å bli kristne. Det er inntil ti års fengsel for sokalla ulovlege konverteringar – for bruk av tvang eller lokkemiddel. Ekstremistane misbrukar lovene, som knapt har ført til ein einaste dom, til å angripa kristna og skulda dei for ulovleg konvertering. Dei pressar på for at dette skal bli nasjonal politikk.

Naudrop

Den kristne demonstrasjonen i New Delhi var eit naudrop til president, statsminister, høgsterett og alle dei 28 delstatane: Dei kravde at kristne ikkje skal bli nekta velferd og rettar på grunn av trua si og at den grunnlovsfesta trusfridommen vert sikra. No blir fridomen undergraven av den religiøse ekstremistmobbens vald og av politikarar og dommarar med ein farleg agenda.

I Manipur er kyrkjer brende, og kristne stammefolk har flykta for livet. Indias hindunasjonalistiske veg er tragisk både for Indias minoritetar og for India.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt