Verdidebatt

Framleis etterlyst: Ein hyggelegare debatt

SOPHIE ELISE: Samfunnsdebatten blir betre om me tar kvarandre på ordet, og sluttar å legge til problematiske koplingar som me ikkje har dekning for.

Det har ikkje mangla på reaksjonar (positive og negative) etter at eg forsvarte Sophie Elise på Debatten på NRK. Ein av dei kritiske tilbakemeldingane kjem frå presten Marita Solberg Bjerke.

Ho meiner at den massive kritikken Sophie Elise har fått, er vel fortent, og at det hadde vore best om ho vart tatt av lufta. Bjerke har to døtrer, og ønsker at dei skal få vekse opp i eit trygt samfunn med gode rollemodeller. Det ønsker eg og.

Men eg håpar dei slepp å vekse opp i eit samfunn kor me snakkar forbi og mistrur kvarandre så mykje som folk har gjort i denne debatten, Bjerke inkludert.

Oda Oline Omdal (f.v.), David Sviland og NRK-sjef Vibeke Fürst Haugen i Debatten om Sophie Elise.
Foto: Rodrigo Freitas / NTB

Ikkje alt er relevant

Sophie Elise har beklaga og forklart at det var ein tabbe å legge ut det omdiskuterte bildet, og at ho ikkje hadde noko ønske om å romantisere rus. Tar vi med bildeteksten i rekninga, er det nok vanskeleg for mange å tru på denne alt for seine orsakinga. Ho burde ha kome tidlegare. Men eg er villig til å la tvilen komme ho til gode, og eg er glad for at ho no tar tydeleg avstand frå rusromansen.

Bjerke lar ikkje tvilen komme Sophie Elise til gode når ho trekk inn dei to seksten år gamle tvillingane frå Spydeberg som mista livet på grunn av overdose i debatten. Desse dødsfalla er ei ufatteleg tragisk hending. Men det har ingenting med Sophie Elise å gjere. Det har heller ikkje «deling av overgrepsvideoar og sjølvskading på nett», slik Marthe Valle meir enn hinta om på Debatten på NRK.

Rus, overgrep og sjølvskading er kjempestore problem som vi må ta på alvor, men dei høyrer ikkje heime i Sophie Elise-debatten. Samfunnsdebatten blir betre om me tar kvarandre på ordet, og sluttar å legge til problematiske koplingar som me ikkje har dekning for.

Medan eg har ordet, vil eg minne lesaren på kor mykje godt me kan få ut av kvarandre om me er litt meir venleg innstilte

Noko å lære

Som eg har sagt tidlegare, så er det mykje ved innhaldet til influensaren og podkastaren Sophie Elise som ikkje er førebiletleg. Eg vil likevel ikkje ta ho av lufta, fordi eg meiner me kan tole dei dryge historiene hennar og lære noko av dei viss me klarar å snakke om dei på ein sakleg måte.

Medan eg har ordet, vil eg minne lesaren på kor mykje godt me kan få ut av kvarandre om me er litt meir venleg innstilte. Her er Farmen-deltakaren Vebjørn Selbekk ein god rollemodell. Trass i den kristenkonservative bakgrunnen hans møtte han Sophie Elise med eit opent sinn. Det leia til at dei begge fekk vise at dei har meir å by på enn det me kan sjå til vanleg. Dei vart skikkeleg gode venner, og slik gjekk det til at Selbekk lærte Sophie Elise å be den viktigaste bøna av dei alle, Fader vår.


Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt